Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 10. august 2010

For sant til å vera godt?

Alt godt som er over er trist. Roleg morgonstund på ein solfylt veranda med kaffekopp i eine og ein doggfrisk Karl Ove i andre - vi snakkar sjølvsagt bok! Nyskura golv med smak av grønsåpe. Bratte, sveitte turar opp på dei gamle fjell i syningåm. Utsyn og innsyn. Lattermilde stunder med gode venner og godt tilbehøyr. Å koma seg bort frå bygda. Å koma att. Ligge klistra til ei solseng og lesa ut ei skjønn, litterær bok i eitt strekk med solformørking og forbrenning som einaste bekymring. Det er godt det! Sandslott. Bad i grøssande kaldt fjellvatn. Jordbær. Tekst med tonar som gjev deg vengjer og tek deg til ukjende strender. Så plutseleg er det over og han står der, dagen, for sann til å vera god, fyrste arbeidsdag etter ferien.

Den andre viskvinna var på plass da eg kom. Ivrigast må vita. Ein null. Ho hadde til og med ete frukost. Det viktigaste måltidet kunne ho fortelja meg. To null. Eg stod der med den føreseielege posen med ulesen litteratur. Tre null. Slik balla det på seg utover dagen. Kven hadde flest og best toppturar? Kven hadde hatt det beste vêret? Kven hadde blitt brunast? Kven hadde ete det beste måltidet? Kven hadde besøkt den finaste plassen? Kven hadde konsumert flest sider? Kven hadde konsumert best sider? Kven hadde vore den beste mora, kona, husmora, bibliotekaren, kokken, bakaren, gartnaren, sildesalatdyrkaren, hundeoppdrettaren? Heldigvis har eg ikkje hund!  Små drypp frå paradisiske ferietilstandar kom med ujamne mellomrom utover dagen.

Og eg merka kva eg hadde sakna i ferien. Samvêret med viskvinnene. Dei interne, små, humoristiske dystane. Bakromspraten. Skratten. Eg tok ein pinneis til frukost. I går kveld tok vi toppturen saman!

Nesten topptrent bloggar: Rita

2 kommentarer:

  1. Det virker som dere har det så moro på jobb!

    SvarSlett
  2. Ja da, vi skal ikkje klage på arbeidsmiljøet, fru Storlien, sjølv om ho godt kunne spara seg det med frukosten, "viktigaste måltidet" liksom...blæh
    R

    SvarSlett