Høgsommaren er over, fellesferien er slutt, nettene er mørkare og doggen strevar til langt på dag for å gje slepp på svalande kvild i lyng og gras. Sjølv kan eg ikkje tru det er sant. Utom den bulkete, gamle glasruta på kontoret i gammelprestgarden trippar slanke japanarar i store hopar og knipsar vilt med ørsmå fotoapparat medan dei kappast om å rekkje eit lynkjapt toalettbesøk i nasjonalparklandsbyen før bussen deira humpar vidare. Fivrela flaksar lykkelege frå blome til blome, før dei breier fargerike vengjer ut i solsteiken, trygt plassert på den fagraste rosa. Varmen steikjer i bakkane, kvitvinen smakar framleis sommar og blomane bognar i velpleia hagar. Meteorologane hevdar at vi får meir varme i dagane som kjem, og fjesfluga surrar irriterande intenst framfor flekkete brilleglas, der dagens bloggar motvillig er plassert på bakrommet. Altså: det er ikkje haust riktig enno! Men sommaren har bydd på mange møte av ymse slag, som i andre rekkje har gjeve inspirasjon til nye utstillingar i biblioteket.


Bysse bytting stor og stygg
-sjå ikkje såleis på meg.
Eg skal ikkje slå deg, ver du tygg, og ingen skal ta deg frå meg.
Den andre er kvarmanns gull der han er,
men du, du er hata av alle her
så trengst det da visst at eg har deg kjær.
-No trur eg du endeleg sovnar...
(Diktet er henta frå boka "Trollmakter og godvette" av Olav Bø)
Fascinert bloggar: Merete utan rompe
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar