Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 2. juli 2010

Shorts stories

Du tenkjer på han heile dagen. Du har ikkje før kome heim, før du kastar deg over han. Han er med deg overalt, mens du lagar middagen, mens du et middagen, på do, i badekaret med eit glas vin på kanten, og sjølvsagt i senga der de held det gåande til det blir både seint og tidleg. Iblant kan du bli så besett at du til og med må ha korte deitar med han i arbeidstida, små, hemmelege treff på bakrommet. Eller du tek han med til frisøren. Det kan vera spenninga eller måten han uttrykkjer seg på som fascinerer. Han kan vera vakker eller det kan vera det groteske som triggar deg. Du vil vera ein del av universet hans, og du ynsker at det aldri må ta slutt. Men han er sjeldan å finne, denne altoppslukande. Altfor mange keiar meg. Dei kan verka interessante i utgangspunktet, men så byrjar dei å spreie rundt seg med altfor mange ord om ingenting. Eg opplever å ramle av - gong på gong. Eg har tenkt tanken fleire gonger, at det er noko gale med meg. Eg slit med konsentrasjonen, misser lett gløden og interessa. Eg føler meg rett som det er i fritt mentalt forfall. Eg er inne i ei slik fase nå, at eg slit med å finne han - denne store, gode, besettande Romanen. Så eg går for short stories.


Eg har fått opp augene for dei små, fortetta forteljingane.Vi finn dei i sitat, dikt og noveller, i facebookstatusar og i bloggar. Nye ord og humoristiske, saklege, sinte, såre, spydige, vakre og vonbrotne måtar å kombinere orda på, er noko av det som fengar meg aller mest. Denne veka har stått i short storyen sitt teikn. I den gamle prestegarden har eg og viskvinne Merete debutert som diktdeklamatørar og dykka ned i ordkunsta til våre heimlege lyrikarar. Vi har stengt oss inne på bakrommet, hekta på oss det naudsynte utstyret, blautlagt sjelene våre og freista etter beste evne å tolke fjelldikt framom ein svart og kald PC. Dette er starten på prosjektet "Ord om fjell" som de truleg får høyre meire til litt lenger fram på ferdi.

Heime har eg slukt to novellesamlingar denne veka. Den fyrste "Du" av Thomas Marthinsen inneheld 34 forteljingar om 34 ulike menneske. Eg likar måten hans, denne du-forma som går att i alle forteljingane, og eg tykkjer idéen er god. Eg kunne godt tenkt meg å skrive short stories om små og store personar og avtrykka dei har sett i mitt eige liv. Eg likte best starten og særleg slutten der eg måtte fram med lommetørklet. Den andre "Løsrivelse" er resultat av ei novellekonkurranse i samband med Norsk litteraturfestival 2010. Nesten 500 bidrag kom inn og juryen har plukka ut dei 13 beste. Det er tekster om frigjering og oppbrot, om lausriving frå eigne maniar og om død. Det gjer som kjent vondt når knoppar brister og droppar faller, så tekstene er jamt over sørgjelege. "Ferskendrops" og "Kniver/nøkler" var dei som gjorde sterkast inntrykk på bloggaren, medan "Substans" fekk meg til å jukse og lese slutten før eg var ferdig.


Frå og med måndag tek dei to viseadministrerande kollegaene mine ferie. Eg må styre skuta med eigen visdom i to heile veker. Når Merete har ferie, plar det alltid vera finver, så vi reknar med mykje lys og varme i den næraste framtid. Da snakkar vi shorts stories!

Rita

3 kommentarer:

  1. Feil, Rita: Du slit definitivt IKKJE med konsentrasjonen, du misser Aldri gløden, og du HAR funne Han!

    SvarSlett
  2. Så hyggelig å bli lest så godt! =)

    SvarSlett
  3. Takk for det, Thomas! Så artig at du har lese bloggen vår! Eg likte stilen din veldig godt og Du har fått skrankeplass! Skriv meir for oss da!
    R

    SvarSlett