Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 29. juni 2010

Ønskedraum for eit prestgardstun..

Den gamle, sjelfulle prestgarden vår har eit ufortent, mindre pent uteområde der det tidlegare gardstunet låg vakkert omkransa av høgreiste, flotte hus -stabbur, stall, fjøs og låve. Grønt gras, mosegrodde steinar og  blide markblomar er skifta ut med grå, hard asfalt som svir huda under føtene på berrføtte ungar i sommarvarmen. I boka "Fra de gamle Prestegaarde" skriv Elise Aubert i samband med besøket av Kronprins Carl i 1856: "Fra den tidlige Morgenstund stimlede folk til Prestegaarden, og da den store, firkantede Gaardsplass var ganske opfyldt af ventende Tilskuere, maatte de tilsidst leire sig langs Veikanten oppe i Bakkeheldet"...."Et uforglemmeligt Minde blev det for alle Tilstedeværende, da Prinsens skjønne Skikkelse i Ungdommens fulde Kraft holdt sit Indtog under Prestegaardens torvtækte Tag."


Med ei slik storslegen historie vedtok 2 vise samrøystes i går å koste på tunet vårt ei velfortent sommarhelsing i solskinet, og Rita knalla målbevisst på Berje med nokre blå lappar i neven. Ei handlerunde som heldt på å gå heilt over styr, då ho etter berre ei lita økt klonka på tråden og kvitra muntert at ho gjerne tok ein tur til Skjåk for å finne dei rette varene...? Eg hevda hardnakka at Nasjonalparklandsbyen vel hadde alt vi trong for ei enkel utsmykking, og slukøyra kom ho etter kvart sigande med ein stabel jordsekkar, eit par fine rottingkrukker og nokre vakre blomar. "Nå fæ du væra mæ ut å plante du au, nå!" kommanderte ho myndig, då ho etter fjortande turen med den knøttvesle vassmugga vår trakka ut på trappa att. Pliktoppfyllande tusla eg lydig etter ut -berre for å bli møtt av eit forferdeleg uvèr! Himmelen hekk svart og tung faretruande langt nedetter Lomseggen, dei majestetiske bjørkene borte ved porten kjempa ein hard kamp for å tvihalde på greiener og grønt, og digre, kvasse regndropar piska i stykker dei velfriserte krøllene til den iherdige gartnaren framom trappa. Med det forskrekkjelege raset heime i Byrbergom for 4 år sidan ekkelt friskt i minnet kjenner eg det snører seg saman over halsgropa når vèrgudane sender slik styggedom over oss fredelege dølar, eg svelgjer 3 gonger og smett inn att for å sjekke om det er like svart søte Vårdal`n...
Nokre kjappe smugmeldingar til heimen -der ei skrekkslegen bikkje sit godt gøymd under kjøkenbordet- er nok til at eg står over skrekken og jobbar påteke uanstrengt vidare -inne...
Då bustetrollet er ferdig med planteprosjektet, har eldingane og tordenskralla fare vidare nedover dalen, og inngangen vår ser endeleg innbydande triveleg ut -sjølv om det er langt frå kva ein kan kalle eit prestgardstun verdig... Og neste ivestering lyt bli ei kanne som er betre eigna til vatning enn "fløytmugga" vår.

Aubert-inspirert tysdagsbloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar