Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 25. juni 2010

Farskap og dårskap

I helga investerte eg i eit par altfor dyre joggesko. Eg tok eit godt tak i nakkeskinnet sundagkveld, reiv meg laus frå ein eller annan VM-kamp som ga meg ingenting og spente på meg dei nye kvite. Kombinert med tights og singlet og eit par ørsmå musefletter, eit desperat forsøk på å mane fram den rette Grete Waitz-kjensla, følte meg i overkant sporty der på startstreken. Eg jogga gjennom sentrum av nasjonalparklandsbyen med dei skinande kvite. Dei var lette og gode. Dette er ei investering eg skal få mykje nytte og glede av. Eg har rett og slett tatt livet og helsa mi på alvor, tenkte eg, medan Puls-programma gjekk i reprise på netthinna og eg prøvde alt eg kunne å sjå fullstendig uanstrengt ut. Det var eg ikkje. Innan eg nådde biblioteket hadde eg tenkt tanken mange gonger. Dette går ikkje i lengda. Eg måtte ta ei pause og rettferdiggjorde ho med at eg ville ha med meg ei såkalla digibok på turen og slå jobb- og fritidsflugene i ein smekk. For uinnvidde er dette ei lydbok på storleik med ei stor fyrstikkeske som du kan putte i lomma og plugge inn øyretelefonar på. Lurt!

Eg lånte med meg Charlotte Isabel Hansen av Tore Renberg, den tredje boka om Jarle Klepp kjend frå Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim. Den velklingande rogalandsdialektå til forfattaren smakte som søt musikk i øyrene. Jarle Klepp hadde blitt hovudfagsstudent, ein lovande i sitt slag, og levde eit heller egosentrisk liv i lag med sin proustske dialektikk og med eit intenst fysisk tilhøve til den fagre Herdis Snartemo. Han hadde verkeleg noko stort på gang! Så ein dag kom det eit brev frå politiet. Om Jarle Klepp kunne avleggje blodprøve. For å stadfeste at han var far. Til ei viss Charlotte Isabel Hansen. 7 år. Fødd av Anette Hansen, eit uklart bekjentskap frå ein eller annan "grøftefyllfest" i 2. gym (Jarle får ta ansvar for uttrykket sjølv), for tida kassadame på Rema. Jarle står på blodprøva. Dottera skal koma og vera hjå far sin ei "heil" veke medan Anette Hansen er i Syden. Jarle taklar det overraskande farskapet særs dårleg: "Hva skal verden med enda et barn? Trengs det enda en lyshåret og hjerteglad bekymring, som skal undre seg over hvor langt borte månen er, som skal bry det skjøre hodet sitt med hvorvidt blomster kan gråte, og hvem det er som plukker bladene ned fra trærne når det er blitt høst."

Den søte musikk i øyret og tanken på den gode investering klarte ikkje å fortrengje dei manglande fysiske og psykiske førestenadene mine for jogging. Dei skinande kvite vart degradert til spasersko da den hivande pusten og den hardtslåande pulsen overdøyvde røysta til Tore Renberg. Vel heime fann eg fram dei resterande potetgullførekomstene og ein passande leskedrikk til, medan eg lovde meg sjølv heilagt at eg skulle ut og spasere med Tore kvar kveld til boka var utlytta. Spasering er trass alt betre enn dvale.

Lovnaden heldt i fire kveldar. I går hulka hofta mi etter kvile. Vi får håpe det ikkje er den evige ho skrik etter.
Bloggar utan musefletter: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar