Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. juni 2010

Fjordingar og årringar

I helga gjekk den årvisse Fjordingsmartnan av stabelen i nasjonalparklandsbyen. Fredagen kom med illsinte stormkast frå vest, og ivrige kremmarar klamra seg fast i spekepølsene og sursildbuttane sine medan dei forgjeves freista å bardunere dei luftige telta sine på den tråe asfalten utanfor gammelprestgarden i Lom. Vèrgudane lyt nok investere i sterkare lesebriller før martnassjefen sender inn søknaden sin for neste år, for denne gongen gjekk det hardt ut over både nystrigla fjordingar, fjonge cowboyhattar og flortynne sommarskjørt, sjølv om martna`n også dette året vart ei minnerik oppleving for fastbuande og tilreisande. Blesten var lykkelegvis så kraftig at dei kvasse regndropane som fylgde med berre så vidt vanst å vinke til flyktige karusellentusiastar før dei kvein vidare vassrett austover dalen på nye sprell.

Med Fjordings-martna`n kjem sommartida til biblioteket vårt. Då reduserer vi opningstida ørlitegrann -vi stengjer laurdagane, held kveldsope kun ein kveld i veka og opnar i staden på dagtid onsdagane. For å halde ungjentehumøret oppe på den som er så heldig å bli einsleg på vakt her nokre veker i varmen, må vi unngå å ha ope både to kveldar og kvar laurdag. Nytt av året var at vi under martna`n leigde inn hjelp frå sal- og serviceavdelinga frå eit lokalt urinnvånarføretak. Vi har som kjent hatt ei storstila opprydding i hyllene våre denne våren, men av di vi sjølve ønskte å delta på martnaslivet, hyra vi inn to ivrige sjeler som fekk salstala på kasserte bøker, tidsskrift og musikk til å sprette himmelhøgt i takt med tivolirytmane. No lyt det vel seiast at arbeidshjelpa kanskje vart litt vel ivrige i tenesta, noko
administrasjonstilsette på stand freista å dysse diskrèt ned. Slik irettesetting prella nok dessverre av som vassdropar på gåsefjør på dei pliktoppfyllande vikarane, som gav nemninga "netthandel" nye dimensjonar då dei reklamerte med fulle nett for kun kr 30,-... Vi takkar likevel dei spreke seljarane for "spenstig" hjelp, og gratulerer martnassjefen med ei flott gjennomført martnashelg -som baud på både velfortente prisar og høgt verdsette kåringar, kulde og varme, stort og smått, samt nytt og gammalt...


Martnasbloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar