Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 18. juni 2010

...og eit lite rom for meg

Einskilde  telefonsamtaler er viktigare enn andre. Viss du sjølv er den som vert oppringt, veit du aldri når desse samtalene kjem. Du står der ubudd og anar ingenting om at det bokstaveleg tala er framtida di du held i handa. Det er kanskje like greit, så slepp du å gle deg, grue deg eller prøve å klekkje ut dei rette svara til dagen kjem. For vel åtte år sidan hadde eg ei av desse skilsetjande telefonsamtalene. Røysta i andre enden var kjend, men vi prata ikkje så ofte saman på den tida. Etter litt innleiande tomprat til tonene av "Kvifor ringjer du meg nå?" durande i bakgrunnen, kom personen i andre enden endeleg til poenget - ho lurte på denne jobben som var ledig på biblioteket. Speeden i topplokket auka enda eit par hakk - yes yes yes - det hadde vore midt i blinken - ho kunne passe perfekt til jobben og som kollega!

Det drog seg rett nok litt til i magen ved tanken på at eg skulle vera sjef for ho som eg hadde gått på skulen i lag med i tolv år og vel alltid hadde følt meg ein smule underlegen overfor - ho verka jo alltid så trygg og sjølvsikker og eg var berre ein sjef med liten s. Eg følte at eg hadde ho på glid, men så var det den trygge jobben ho hadde frå før og kvelds- og laurdagsvaktene og ikkje minst sommarferien, denne æveleg lange, heilage lærarsommarferien som eg sjølv hadde gjeve slepp på eit par år tidlegare. Ho måtte tenkje på det. Eg som aldri har greidd å overtyde nokon om noko som helst, meg sjølv inkludert, tenkte at der gjekk det toget. Ho ofra nok ikkje lærarløna og sommarferien med ungane for eit liv i lag med dei skrivne orda og ein ørliten sjef.

Men så gjorde ho det likevel! Ho sa ja og vart umiddelbart ein ubetinga suksess. Ho passa som hand i hanske! Sidan har ho tent gløden i mangt eit barnesinn og gjeve dei hug til å lesa om Harryar og Ivarar, oldemødre utanom det vanlege og små dunder frå Glimmerdalen. Ho er alltid koseleg og deler rundhanda ut smil til alle lånarane. Ho trivst så godt i lag med dei at det er med naud og neppe vi to andre får låne den slitne skrankestolen. Ho har teft og meistrar ofte kunsta å finne rett bok til rett person. Ikkje minst er ho ein kollega einkvar kan misunne oss med eit stabilt godt humør så sant smeden hennar ikkje byr på sjølvfiska fangst frå Ottaelva altfor ofte. Dei to medvise vil med dette ynskje vår kjære kollega Merete til lykke med den altoverskuggande 40 årsdagen sundag. Vi håpar på mange humørfylte år saman i orda si teneste trass overhengande fare for heitetokter og andre uhumskheiter i åra som kjem.

Takksam bloggar: Rita

PS: Klart eg har rom for deg, du får ei suite.

2 kommentarer:

  1. Snufs... Ingen lange sommarferiar og frikveldar kan måle seg med kjensla av å stortrivast kvar einaste dag gjennom heile året saman med ein ørliten, kreativ og inkluderande sjef! Rørande at du har grave fram att framsynte visdomsord hos fortidsminneforeininga... Takk, takk!

    SvarSlett