Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 11. mai 2010

Danse mot vår...

Bibliotek-kvinnene legg bak seg den eine hendinga etter den andre, alle med meir eller mindre gode minner, men absolutt mest gode når vi får gjort opp status. Fin mekanisme dette at vi kan "gløyme" ein del av det som evt. var kjeitt for oss. Alt går mot bedre tider, unger og bikkjer kjem seg sakte men sikkert etter hostrier ut av ei anna verd, kirurgiske inngrep er vel overstått, og lamma sprett (les; bles i vinden) friske og raske rundt omkring blant snøfillene. Gløymt er alle timane vi den sinare tida har vore vakne og passa på våre håpefulle, det vere seg ungar, bikkjer eller sauer, og gløymt er "snøen som falt i fjor", men - ikkje snøen som falt i år nei!
Været er eit evig tema vi aldri gløymer. Vi pratar om det, les om det og høyrer om det i nyheitene, vi skriv om det på facebook, twitrar og bloggar, stankar og bær oss over vind og kulde, spår i grismilter, rognebær, fuglesang og eg veit ikkje kva - alt i eit hutrande desperat leit etter dei viktigaste strålane vi kan få - dei som gjev liv og vekst. Og fram til dei kjem, utan vinden ved si side vel og merke, gler vi oss over russen rundt veggene her, dei spreier i det minste håp om vår med sine eingongsgrillar, fløyter og hordar av små fans. Vi gler oss også på 17. mai, konfirmasjonar, lufta av våronn, blomar og hundeutstillingar..Og ikkje minst gler vi oss over lånarane våre som til tross for vær og vind, trofast kjem innom!!


Forblåst bloggar: Aud - som skulle ynskje alle hadde noko sjå fram mot, og gle seg over, uansett vær!

2 kommentarer:

  1. Mykje visdom i desse linjene her, Aud! Og dessutan er du jælma flink til å skrive!
    Helsing superanonym
    (Vigdis, hihihii)

    SvarSlett
  2. Tusen takk anonyme Vigdis!
    Aud

    SvarSlett