Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 11. mars 2010

De smukke unge mennesker

Fredag morgon og biblioteket sydar av gemytleg stemning skapt av de smukke unge mennesker. Eg må skunde meg å avkrefte - det er ikkje dei 3 vise som skapar stemninga! Det er elevane i 1. klasse på vidaregåande som er fast inventar på biblioteket kvar fredag. Pent og pynteleg går dei kvar til sitt, ein gjeng til ungdomskroken, ein til fag vaksne og ein til avdelinga for skjønnare litteratur. Vi kan snappe opp intrikate utgreiingar om alt frå trigonometri til Farmville, og vi som ikkje er fullt så smukke og unge lenger kosar oss midt i summinga og undrar på om pensumet for allmenndanning har endra seg fullstendig på eit par tiår. Planstyrte og målbevisste som vi er, kryssar vi av på skjemaet - tiltak 4.1 og 5.1 i Regional bibliotekplan, biblioteket som aktiv læringsarena og møteplass - mission accomplished!

I førre blogginnlegg var stemninga her heller kaotisk. Den etterlengta dagen i mårrå kom, han, med relativt blanke ark også, men likevel er ikkje dei 3 der dei burde vera. Haugane blir ikkje borte, ei heller dei små gule lappane. Utstillinga står der halvferdig, e-postane står i kø og prosjektsøknader skrik etter å bli ferdigstilte. Midt oppi alt dette går den eine vise avstad og blir lita som ei teskei. Som på bestilling! Men kanskje er det akkurat her vi skal vera? For kundane og kontakta med dei er jo det viktigaste trass alt. Difor gløymer vi dei skumle haugane for ei stund og gler oss istaden over utlånet av bøker vi på ulikt vis har formidla til små og store denne vinteren alt frå dei gledelege ventelistene vi har fått på bøker vi har presentert på bloggen, til suksessen med Aldo Monrad i 8. klasse, til Milla- og taekwondobøkene i småskulen og til Mamma Mø i barnehagen. Skal tru om vi ikkje får ventelister på teskeikjerring-bøkene etter at denne dama troppa opp i barnehagen i dag.

Med ynskje om ei god helg i full storleik!

Trigonometri-undrande-bloggar: Rita

2 kommentarer:

  1. Dype sukk,jeg kjenner godt igjen problemene med de skumle haugene som ikke vil forsvinne av seg selv.. Mine består ikke av bøker,men div.andre ting som viskelæret og de fine fargestiftene som Prøysen "lover" oss i sangen sin, ikke virker på..
    Tar meg en tur ned til dere 3 vise for å se om haugene deres har minket..
    ..og for å se om dere har noen bøker som kan lære/aller helst hjelpe meg til å rydde litt mer effektivt i hjemmet...
    Vi sees på tirsdag kveld,tar med venninnen min..
    Lenge siden vi var innom dere nå! :-)

    SvarSlett
  2. Hehe, da gler vi oss. Vi er veldig spente på kven du og venninna di er. Velkomne skal de vera! Skjønt bøker om rydding...hmmm, det blir ei nøtt;-)
    Rita

    SvarSlett