Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 2. februar 2010

Planlaus kaldgraut

Vår stakkars visemamma er plåga med eit utprega stort og svart samvet som i tunge stunder hemmar henne i den daglege donten blant papirhaugane inne på kontoret. Sidan det første personalmøtet vårt dette året, har denne eigenskapen legi tjukk som stivna kaldgraut rundt henne, og vi har skjønt at ho har kjempa med noko alvorleg. Då ho her om dagen etterlyste eit stort, rundt objekt å ta mål av, vart vi rett bekymra for sjefen. Denne dagen hadde ho ein umåteleg hemmeleg glimt i dei store, havgrøne gluggane, og latteren sat uforståeleg laust der ho sat bøygd over den knøttvesle, ledige plassen på pulten sin og sorterte fargestifter...? Vi to fåvise heldt oss stille på plass i frisona rundt skranken og serva trivlege lånarar som best vi kunne utan å forstyrre den kloke der bak...

Morgonen etter lyser ein gild, irrgøn plakat med ei flott, fargelagd skive mot oss inne på pauserommet, og vi skjønar tvert at frå no av er dette den veggpryden vi skal kvile blikket på når cherrytomatane og kjuklingen skal til livs. "Årsplan for 3 vise kvinner" er ein realitet, og langt bak i bustenakken minnest eg eit flakkande blikk frå eit personalmøte då eg etterlyste gjeremål framover i det nye året. Kaldgrauten er som skylt i skulibøtta, og sjefen har fått letta på det grautete samvetet! Attende står ein nøye gjennomtenkt plan, som har rikeleg plass til påfyll utover året. Ståande applaus, sjef Rita!

Bloggar: stutte Merete

5 kommentarer:

  1. Bra å se at du også har fått med deg dine undersåtters store dager i år ;-)

    SvarSlett
  2. Ikkje visste eg at eg hadde undersåttar -utanom dei bittesmå, kalde nede i ullabbane- men eg kjenner meg brått svært så "ovenpå" her eg sit... Takk :-)

    SvarSlett
  3. Jada, eg skjøna at kommentaren var ymta på Sjefs-visa, men av og til er det så godt å ta til seg slik ein har bruk for av kommentarar :-))

    SvarSlett
  4. Dette var eit fantastisk påfunn, eller... man kallar ikkje slik påfunn. Det er kanskje meir ein strategi. Eg skal jammen gjera det same på vårt kontor =). Takk vise kvinner for nok eit vist innslag =)
    Beate

    SvarSlett
  5. Koseleg Beate! Bra at vise kvinner kan vise veg for andre;-)r

    SvarSlett