Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 17. februar 2010

Mamma Mø og Kråka

Onsdag rådde eg grunnen åleine på biblioteket heilt til eg greip med meg nokre gode bøker og knalla opp på barneskulen til ein bokprat ved høgst dag. Slikt er støtt artig! Eg visste at sjefen skulle vere på plass att då eg kom ned att, og vart såleis rett så fortusta då det var mistenkjeleg stille blant bøkene her. Undringa vart ikkje mindre då eg vart vàr sjefen- liggjande på golvet i barneavdelinga med nebben rett i vèret i noko som minna om djup meditasjon...? Hadde den elles så jordnære jenta smugete av den populære fuglefrødietten vår, tru? (Merk: ho ber nemninga "jente" enno nokre dagar"...) Eg angra brått og inderleg på den sleipe snikslankinga vi har påverka henne med i desse dissete etterjulsvekene, og tusla skamfull inn for å "vekkje" henne. Der -inn frå høgre- kom plutseleg ei gild, svartspraglete ku med ei ringlande bjølle om halsen sigande mot den nebbete sjefa, som framleis låg urørleg på golvet! Og brått vart eg vitne til ei framsyning av dei sjeldne der inne i den bleike vårsola blant alle barnebøkene: Mamma Mø sveiv varsamt fram mellom reolane og gjorde det beste ho kunne for å oppmuntre Kråka, som tok seg ein velfortent kvil på sjølvaste gebursdagen sin. Og i denne augnblinken skjøna eg at mi tid som bokformidlar er definitivt over -som de ser av biletserien under, kan ingen kan heretter konkurrere med mine to skrullete kolleginner i deira måte å formidle barnelitteratur på! Den lokale sentrumsbarnehagen hadde nok ei oppleving av dei sjeldne då Mamma Mø og Kråka inntok gymsalen deira på fridagen min i går...

Kraaatulerer med innsatsen -og lykke til med framtidige framsyningar!

Bloggar: Merete amatør

8 kommentarer:

  1. De kunne fått ein heilt annan versjon av historia sett frå kråka sin ståstad, men det får vera til ein annan gong. (Eg skal likevel innrømme at det ga eit ørlite snev av meirsmak å spela ufordrageleg og rampete - heretter går eg for skurkerollene!). Men ingen kan formidle bøker som deg, Merete, du treng ikkje ikle deg fjør ein gong! Kråka

    SvarSlett
  2. Du store verden! Fantastisk! - Hvor har dere fått tak i kukostymet fra?

    SvarSlett
  3. http://www.partytime.no - mykje lekkert der, Gunvor! Kukostyma var veldig fin og med pute på magen vart ho enda finare!
    Kråka

    SvarSlett
  4. Du lever nok ut ei godt skjult rampeside her, Rita -og det verste er at det kler deg ;) Veit sanneleg ikkje kva eg sjølv skal kle meg i neste gong eg skal ut på oppdrag for å toppe dette stuntet, men eitt eller anna finn vi vel på att ;))

    SvarSlett
  5. Jeg har nettopp rotet meg inn på bloggen deres. Ble ikke skuffet over det jeg så der.Herlige jenter er dere!!!! Alle tre!! Håper inderlig Lom Komm.vet å sette skikkelig pris på dere. Dere gjør virkelig det å besøke biblioteket, for liten og stor til en flott,og lærerik opplevelse. Alltid blide og serviceinnstilte!

    SvarSlett
  6. Du store verda så flott ei attendemelding å få på ein laurdagsefta! Det er lånarane og deira oppleving av biblioteket som verkeleg betyr noko for oss, og dette er slik som gjer at ein gler seg på jobb kvar dag ;) Er usikker på kven du anonyme er, men tusen, tusen takk likevel -og velkomen innom oss att!

    SvarSlett
  7. ;D He,he,he...
    Det finner du nok ut,jeg kommer innom igjen snart,en tirsdag kveld. Og da tar jeg med en venninnesom skryter like mye av dere som jeg gjør!
    Gratulere med vel overstått Rita! Ser du har feiret stort.
    ;D

    SvarSlett
  8. Takk Anonym:-) Ja, dei to kompanjongane mine varta meg opp som om eg var prinsessa av Burundi i går! Og nå vart vi veldig nyssgjerrige du...
    Rita

    SvarSlett