Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 15. januar 2010

Ingen er så trygg i fare...

I dag var det reint så leggjepelsen strauk seg lint over åreknutane då ein kom ut i den milde etterjulslufta. Sidan langt attende i fjoråret har den strie busta stått i stram "giv akt", stikkande stivt ut gjennom lag på lag av ymse makko- og ullkledning i grim protest mot ein umenneskeleg, blåvakker frostbolk. 19 minus blir reine "tøyr`n" samanlikna med det fasttela glansbiletet vi har beundra gjennom attisa glasruter dei siste vekene. Så lyt ein vel likevel grave seg inn på bortstuva, samanklistra skiutsyr på låven og plukke høyrusket av den fjorgamle smorninga, før ein også denne vinteren kan lugge seg i veg bortetter kvitkledde vidder.

Takka vera den strie sprengkulden har vi med godt samvet kunna tulle oss ned i tjukke pledd med ei god bok i dei valne fingrane. Framom peisvarmen har eg dei siste kveldane levd meg inn i eit liv så uendeleg opprivande, så godt skrive og så engasjerande at både oppvask og golvsoping har fått fri frå småsure sukk frå ein halvsur husmormunn. Heidi Hjorteland har skrive boka "Utstøytt" med slik varme og beisk humor at det riv langt inn i sjela. Når ho attpåtil krydrar denne livsskildringa med så knakandest god nynorsk og friske ord og vendingar ein aldri har opplevd før, kan ein ikkje anna enn å falle for Borghild. Den vesle jenta veks opp på ein fjellgard med foreldre som jobbar livskiten av seg for å få kvardagen til å gå opp, og Borghild ser med barnleg forventing fram til den dagen ho skal begynne på skule nede i bygda. Møtet med bygdedyret og dei sosiale konstellasjonane blir alt anna enn Borghild har drøymt om, og svake sjeler bør fylle lomma med snytpapir før dei gjev seg inn i denne kjenslevàre skildringa om oppveksten til Borghild. Eg gler meg i alle fall til fredagskvelden fyller stova heime med Ivar Dyrhaug, slik at eg sjølv kan dukke usynleg ned i siste del av denne sterke forteljinga. Ein varm takk til Heidi Hjorteland for denne vekkjaren!

Då vi damene hadde gøymt bort julbøkene frå bord og glaskarmar, lurte vi stygt på kva vi skulle stille ut i det gryande, nye året. Ein ting var vi einstemte om: INGEN slanke- og treningsbøker skulle stillast sirleg ut rundt oss no! Det vart ikkje sagt noko om kvifor... Det var såleis litt tilfeldig at bøker om barn og oppvekst pyntar det eine utstillingsbordet vårt, men det var i alle fall bøker som fall i smak hos lånarane! Allereie første dagen lånte vi ut fleire bøker om emnet, og denne veka har vi komplettert med meir aktuell familielektyre. Ved skranken byr vi fram ymse årstidsaktuelle bøker om ski, skiutstyr, turtips og skilegender. Kanskje helga vil by på både gode leseopplevingar og ein fin skitur som vil tine opp stivna ledd etter frosten? I så fall: God tur frå oss 3!

Kjenslevàr bloggar: Merete

6 kommentarer:

  1. Vi set stor pris på nye og gamle fylgjarar på bloggen vår. Og over 4000 registrerte besøk på 3 -4 månader er vi veldig tilfredse med. Artig!!! Vi minner om at du kan kommentere som anonym viss du ikkje har oppretta Google-konto. Viss du vil, kan du skrive namnet ditt i kommentarfeltet istaden.

    SvarSlett
  2. Stor stas å finne dere her, etter tips fra mor i Vågå! Bibliotekarer er hakket artigere nå enn da jeg tråkket rundt på Vågå bibliotek.

    SvarSlett
  3. Vyrde fru Storlien! Det var svært så hyggeleg å sjå at du har vitja bloggen vår! Mykje skjult og undertrykt humor blant bibliotekarar både av i dag og av i går! Vi vonar du vil fylgje med oss framover, det vil vi setja stor pris på. Kanskje har du eit boktips å dele med oss også?

    SvarSlett
  4. Eg vil absolutt anbefale Tonje Glimmerdal, barnebok for alle. Vi las ho, og endte med joikamiddag etterpå. Og til hausten kan det vere ein særs god ide å anskaffe Samlagets nye bok om re-design, ispedd små minner frå oppvekst i Ottadalen!

    SvarSlett
  5. Hengjer meg i aller høgste grad på Glimmerdalstipset, ja! Ei fantastisk bok som eignar seg for absolutt ALLE, med eit utruleg flott språk og varme menneskeskildringar. Re-design lyt vi nok glytte nærare på :-)

    Merete

    SvarSlett
  6. Du meiner vel Barndommens dal;-) Du bloggar like bra som du tråklar og har ein veldig lesverdig blogg, fru Storlien! Dette førte til at eg stod med eit stort smil om munnen heile tida medan eg laga middag i dag - det er ikkje kvardagskost! Eg kjende veldig godt att di særeigne røyst og tankane gjekk attende til tida vår saman på skulen her i Barndommens dal, særleg tråklinga vår med russeavisa. Eg har reklamert for bloggen din på facebook og oppdaga til mi store forskrekking at du var sporlaust forsvunne frå dette vårt minste felles multiplum. Korleis kunne du? Vi gler oss på boka di, pluss i margen for Samlaget. Gratulerer med nominasjonen og lykke til med kåringa! Sjølvsagt har eg stemt.
    Bloggar R

    SvarSlett