To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 19. januar 2010

Om eg berre ligg her

"Kva om eg ligg? Om eg berre ligg her? Vil du ligge ved sida av meg og berre gløyme resten av verda?" Det mest spelte refrenget i Storbritannia førre tiår strøymde mot meg i bilen på veg til arbeid, smaug seg inn øyregangane, sette i sving uante koplingar blant dei kalde, små grå, ga meg ei kjensle av å vera barn av tida, noko som kunne forklare mykje, på same vis som med fenomenet Karl Ove.

Frå før hadde eg bloggen i tankane. Korleis gripe det an tru? Eg hadde så mykje på hjartet. Eg hadde starta dagen altfor seint - igjen. Vakna heilt plutseleg kl. 05.54, eg trur det var ein draum som vekte meg, ein draum som som vanleg forsvann før eg rakk å fange han. Eg tenkte tanken om eg skulle stå opp, men slo det fort frå meg, å liggje og vera halvvegs klar over at du delvis søv er det aller beste. Eg vart brått vekt nærare to timar etterpå. Synet som møtte meg i spegelen på badet ga ikkje meirsmak. Augene var blodskotne, særleg det høgre der eit større blodkar var sprengt. Det kan ikkje vera allergien nå, må vera søvnmangelen, ei ny natt med berre 4 - 5 timar tung og god søvn. Denne mangelen gjorde seg gjeldande på innsida av hovudet også, uklåre tankar sveiv i sakte kino. Hjerna skreik etter koffein. På veg ut i bilen passerte eg barnerommet der eg såg at nattlampa ikkje var sløkt. Eg tenkte på breane som smeltar og kor irriterande ansvarslaus eg er som ikkje går inn att og sløkkjer.

Vel på plass i bilen med dei attisa rutene, kom altså dette refrenget til meg. Dei mest spelte orda på dei britiske øyane dei førre ti åra. Kva gjer dei med oss? Kva gjer dei med alle dei millionar av menneske som kvar dag har lytta til sangen? Tanken er freistande i blant, ikkje minst ein kald januarmorgon, å berre bli liggjande og gløyme resten av verda. Eg tenkte at han som har skrive teksta nok var forelska, og i ein av videoane eg har sett på youtube legg det forelska paret seg ned midt i eit hardt belasta vegkryss og sperrar all trafikk. Dei er berre til for kvarandre, dei er oppslukte av seg og sitt og klarer i den mest stressande situasjon ein kan tenkje seg å gløyme alt anna. Dei berre ligg der. No i desse klimakritiske tider, med barn som døyr av svolt i Afrika medan overfloda tek livet av oss velfødde i vesten, med krigar vi helst ikkje vil vita om pågåande rundt oss. Det var nå vi skulle mobilisert, gått ut og kjempa for verda og rettferda, og det vi helst vil høyre er det forlokkande "om eg berre ligg her".

Desse tankane gjorde seg gjeldande i bilen, før dei plutseleg kopla over til Knausgård att, han som held meg vaken kvar natt og som sprengjer blodkar i augo mine. Det var i dette tiåret han skreiv kampane sine også. Meir enn nokon annan går han innover, sjølvsentrert, sjølvransakande og sjølvutleverande om dei daglege kampane med seg sjølv og sitt eige vesle, store liv. Så langt i lesinga mi, ingen kamp for å redde eller for den del erobre verda, slik vi tenkjer på verda og den førre Min kamp-forfattaren tenkte på verda og erobringa. Men for Knausgård og mange andre barn av vår tid er eg-et verda og kampen går ut på å erobre nytt land i oss sjølve. Resten av verda er oppdaga, vi vil innover. Vi vil til botnen.

Eg tenkjer medan eg skriv at det er meir enn skummelt i det heile å nærme seg Knausgård, sjølv for ei vis kvinne. Særleg for ei vis kvinne som som oftast kjenner seg alt anna enn vis. Alle har ei meining om han, kritikkane har i det store og heile vore overveldande positive og så skal eg berre koma og henge meg på som ein annan sau i flokken. Men han talar til meg og sjølvsagt likar eg særleg godt dei delane der eg kjenner meg att. Eg må vedgå at det går ilingar av jubel gjennom meg når eg oppdagar at vi har opplevd episoder likt og han har tenkt akkurat slike tankar som meg. Eg får hug til å le høgt og rope ut Yes vi er to, Karl Ove, men det gjer eg sjølvsagt ikkje, for som han er eg vant til å tilpasse meg omgjevnadane. Det som elles sit att etter Kamp 1: Måten han tolka lagnaden på da han flytte til Stockholm ga meg tru på ei meining i tilveret. Opningslina. Skildringa av forelskinga i Hanne, ei av dei store i livet. Tilhøvet til faren, forfallet hans og tilhøva i huset der han og farmora budde den siste tida. Eg melder meg difor med dette inn i saueflokken. Han har dessutan pene augo.

Og så var det sangen som var rota til ein altfor lang blogg da: http://www.youtube.com/watch?v=GemKqzILV4w

Sjølvbeskuande bloggar som har tenkt på nattlampa i heile dag: Rita

Biletet av Knausgård er lånt frå Aftenbladet.no. Takk for lånet!

5 kommentarer:

  1. Gratulerer med et sabla bra blogginnlegg! (Ga selv opp etter s. 192 men kan godt leve med at andre liker boka!)

    SvarSlett
  2. Takk Eli, det gjorde jammen godt! Eg var ikkje tilfreds sjølv, brukte altfor lang tid på å skrive det, vart altfor langt og sjølvsentrert - men er jo barn av vår tid, får skrive sjølvsentreringa på den kontoen!
    Rita

    SvarSlett
  3. Er den så bra at jeg bør sette i gang altså? Kvier meg litt, 2500 sider er ganske mye, men om jeg putter inn et bilde av øynene for hver femtiende side elelr noe sånn går det kanskje bra?

    SvarSlett
  4. Hehe, prøv det du! Trur ikkje du vil angre, men dette er anten eller litteratur. Eg erklærer meg anten;)Du treng ikkje lesa alt like nøye, men eg finn det periodevis veldig veldig lesverdig, anar ikkje kva eg skal lesa etter dette...
    R

    SvarSlett
  5. Ganske mange bøker er jo litt sånn variable, der var et par kapitler i Hamsun-bigrafien jeg leste relativt raskt også ( livssyn og etikk og sånn)

    SvarSlett