Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 22. januar 2010

Bjørnen sover, bjørnen sover...

"Leseprosjekt" er ei nemning som kling godt i øyro på ein avdanka lærar som brukar nyvunnen tid for og med litteraturen. Det var difor aldri tvil i mitt indre om kva eg skulle seie då sentrumsbarnehagen inviterte meg til nokre lesestunder i samband med eit nystarta prosjekt om lesing og forteljarglede. Slike pedagogiske leiarar er alltid ute i svært god tid for å ha planane klare åt dei små englane, så dette vart bestemt tidleg i fjor haust. Sjølv er eg utstyrt med ei lidelegheit av ei anna verd som i dei mest prekære omstenda får både svigermor og andre nære, klartenkte til å rive seg i toppbusta når det stormar som verst. Av den grunn fekk skrukken mellom augebrynene mine nokre harde, spastiske samantrekningar då eg måndag møtte eit blidt fjes frå barnehagen som kunne fortelja at dei gledde seg til besøk frå biblioteket fredag. Fredag?! NO fredag?!!

Eg tok naturlegvis raskt på meg den profesjonelle, glatte maska og spurde med oppsiktsvekkjande roleg røyst kor små barn det var snakk om denne gongen. "Nei, det er no alle avdelingane samla i ei stor gruppe i gymsalen....,"var svaret. ALLE englebarna i ALLE aldrar i EI gruppe!! Bak dei glipande, maskaraklankete augevippene fòr alle biletbøkene eg kunne hugse å ha lese forbi i rasande fart og formeleg peika nase til meg for å understreke at dette var skivebom. Du kan ikkje setje deg bedageleg ned og lese ei bok til ein heil barnehage utan bakgrunn frå teaterskulen, og kva for bok vil fengje alle dei søte, små frå eitt år og opp til skulealder? Slik hadde det seg altså at eg seint i går kveld sat med sofaen full av kosedyr i ymse utgåver og freista få i gang ein konstruktiv dialog med dei pelskledde om kvifor bjørnen søv i hi om vinteren... Når mannen i huset attpåtil hadde øving med spelemennene i gammaldansgruppa og bikkja trakka nervøst rundt i full forvirring, vart dette ein heller trå seanse. Men teddy, ekornet, frosken og dei andre kompisane sto trauste saman med meg om opplegget, og stunda framfor dei store, forventingsfulle småbarnsaugo i dag glei lett gjennom. Sjef Rita kan berre gle seg til neste gong, for då skal ho hyrast inn som statist (-ta det med ro, Rita -det blir ikkje frosken:-)

Då eg trippa ned att mot Bøkenes Hus, lykkeleg etter møtet med dei små, seig den sjøltilfredse rusen nokre hakk etter synet som stokk mot meg bak gardina i glaset på ungdomsavdelinga. Den tidlegare så yppige fredslilja hekk som eit slips i bakrus over pottekanten, med gulbrune, livlause blad hengjande som tunger higande etter ein leskande, liten sup. Kun eitt blad sto fyrigt med tuppen struttande mot taket, noko som dessverre kun skuldast trong plass i karmen... ...No har vi 3 husvise ein regel som krev at laurdagsvakta vatnar blomane vinterstid, men sist laurdag hevda vakthavande at ho var offer for ein ulideleg kvalme som gjorde sitt til dei triste skapningane rundt om i glaskarmane våre. Dette let seg igjen forklare av ein snaueten konfektask som grein mot oss her om dagen... Denne ekslusive sjokoladen fekk vi for øvrig som julegåve av den alltid så blide dama som køyrer for bibliotektransport, eit fjes som uansett vèr og føre, bøker eller ikkje bøker, alltid lyser strålande mot oss når ho kjem trippande med den blå kassa. Ordninga med bibliotektransport er for oss heilt super, og med slik sjåfør er det ein fryd å kunne nytte seg av slik service! Når det ein sjeldan gong dukkar opp eit mannebein i staden, er også dei blide og trivlege for oss vimsete damene. Tusen takk til dykk alle!

Bloggar: teatralske Merete

4 kommentarer:

  1. Knall, Merete!!! E æ jælma imponert over denna bloggen her, altså! (utta at e veit d, så rækna e mæ at d va o Rita som hadde maula ti seg eill dna konfækten...)
    Vigdis

    SvarSlett
  2. He, he -det var no ikkje nemnt noko her om nett den saka, men to av oss er som tidlegare nemnt forviste til skrukkete pakker med fuglefrø i tida framover... Uansett er det frykteleg artig at du glyttar innom bloggen vår, Vigdis! Legg gjerne att eit boktips neste gong -slik aldelest anonymt, veit du :-)

    SvarSlett
  3. Ja, e ska kåmå mæ eit jælma anonymt boktips snart, Merete. Men da må e finne på eit einna namn heil mitt eige avon, hehe. E glytta kje innum bloggen ein sjeilda gong i blant, e læs bloggen kvar einaste viku e. Dæ gjere e fordi n æ så bra! E lika dæ døkk skriv um, og e lika spesielt godt måten døkk skriv d på (mæ glimt i augon og ikkje mæ slike sjølhøgtidelege bibliotekar-fjæs). :-)
    Vigdis (anonym, hehe).

    SvarSlett
  4. Korleis kunne du tru dette om MOI, Vigdis??? (Det er forresten eg som et opp alle desse nøttene og frøa som dei trur er slankande og set fram over alt også - det kjennes ikkje slik ut på buksene mine. Eg håpar viljestyrka deira ebbar ut i takt med januar slik at desse kurane tek slutt! Kva var gale med den gode, gamle vaffel- og sjokoladedietten)?
    R

    SvarSlett