Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 25. januar 2010

Ymse overgangar...

Med fare for at det kan bli med noko murpuss i bloggen vår i dag, tek vi likevel tastaturet fatt, i tillegg er støynivået her av ein slik art at det indikerar bruk av hørselvern - og medfølgande konsentrasjonsvanskar kan påreknast.
Vi har nemleg to trivelege og iherdige elektrikarar på besøk, med bor berekna for gamle, tjukke murveggar. Det er som kjent eit solid bygg vi har arbeidsplassen vår i. Elektrikarane borar til murstøvet ligg som ein dis rundt oss, og i tillegg brøyter liksom både disen og den intense lyden seg veg heilt inn i hovudet, så har vi ikkje vore susete før blir vi det vel nå. Men, vi gler oss stort på resultatet av det dei iherdige driv med; vi får montert inn to varmepumper som skal hjelpe oss både i varme og kalde dagar! Dei to visaste her er da snart i ein alder der heitebølgen kan slå til utan forvarsel...og akutt avkjøling kan vere heilt nødvendig. Vidare ser vi som mange andre fram til ein god, lang og varm sommar! Slik sett kan vi vel seie at dette er ei førebuing til ei varmare årstid.

Ei førebuing på nemnde årstid kan ein vel kalle dagens boktips også. Underteikna meldte seg frå nokre vekar sidan som prøvelesar av to nye bøker, rett og slett fordi dei handla om korleis bli sunn, frisk og slank av feit mat! Dette høyrdest utruleg forlokkande ut, ein må berre slutte og ete mat med mykje karbohydrat - og heller fylle på med feitt!
Doktor Dahlqvists guide til LCHF (Low Carbo High Fat) er for alle som vil bruke mat som medisin; du et deg sterkare, friskare og slankare. Boka presenterer LCHF-kosthaldet på ein lettfatteleg måte, du finn oppskrifter, praktiske menyforslag, enkle kome-i-gang-tips, kosthaldsråd for barn og eldre og inspirerande suksesshistoriar. Stadig fleire norske legar og ernæringsekspertar anbefaler færre karbohydratar og meir feitt.

For å fylgje opp det Dr Dahlqvist skriv i si bok tok eg så fatt på Sten Sture Skaldeman si nyaste kokebok, han understrekar Dahlqvist sine teoriar. Livsstilen måtte prøvast ut!
I denne banebrytande boka viser Skaldeman at det kan vere ei god oppleving og ete seg frisk, sunn og sterk. Jippi, det treng altså ikkje vere eit 24-timars svelte-mareritt!
Sjølv har Skaldeman ete seg 65 kilo slankare med denne maten, gjenoppretta helsa si og fått ein ny og betre kvardag. Så nå er vi i gang, maten smakar fortreffeleg, og det går faktisk an og styre unna ein del karbohydratmat, halvfabrikata, sukker, stivelse og tilsettingsstoff - det Skaldeman kallar søppelmat.

Båe bøkene er spanande lesnad, mykje ser logisk ut, og er motiverande for ei haldningsendring - det er ikkje lett og leggje til sides all barnelærdom om sunt norsk kosthald - for det liknar ikkje særleg på det desse forfattarane meinar er godt for oss, men det handlar om å våge og tenkje litt annleis.
Så som med alt anna her i verda, er det viktig at vi gjer det som er rett for oss sjølve - og ikkje alltid lar andre sine sannheiter og tankar styre oss i det vi gjer. Det er viktig at vi har respekt for andre sine valg - vi kjenner sjeldan heile historia.

Skulle det vera att noko av meg neste veke, sjåast vi her!

Bloggar: Stappmette Aud

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar