Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 9. november 2009

Kristiania on my mind

Det er tysdagkveld og arbeidsveka er over for min del! I dag har vi i samarbeid med dei andre biblioteka i regionen og Oppland fylkesbibliotek arrangert "Presentasjon av årets barne- og ungdomsbøker" på Otta. 3 dyktige kurshaldarar frå Ibby Norge (Barnebokforum) har prata varmt og inspirerande om nye bøker for den oppveksande slekt. Vi klarte å samle 55 lærarar, førskulelærarar og bibliotekarar frå Øyer i aust til Skjåk og Lesja i vest. Det er vi veldig godt tilfredse med, og vi håpar alle deltakarane har hatt ein fin og utbytterik dag og skrir til verket med ny glød! Eg overlet til den vise barnebibliotekaren vår å blogge meir om temaet seinare i veka. Kjenner eg ho rett klør formidlingsgenet hennar etter å spreie den glade barnebokbodskapen til dykk også!

For trass den nyvunne hugen til å konsumere barnebøker, må eg innrømme at tankane korkje er i Glimmerdalen eller hjå den vitaminfattige Jon Elton i kveld. Eg skal nemleg på tur, på venninnetur, kosetur, eksotiskresturanttur, Jesus Christ superstartur og ikkje minst på konsert, på ein utadæsjælopplevelsestur med Lars Winnerbäck. Eg skal ikkje plage dykk med fleire detaljar om privatlivet mitt, dette er ein bibliotekblogg må vite, men dette skulle danne bakteppet for resten av bloggen i dag.

Turen går sjølvsagt til "...Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fåt mærker av den..."(Knut Hamsun: Sult). Det var nok fyrst og fremst lommeboka mi som vart merkt av dei 4 åra eg budde i denne byen, sveltefora som eg var på andre fasilitetar enn Coopen og bygdekinoen. Og så var det desse Oslo-poetane som sette sine spor da. Eg vil vie spalteplassen til 3 av dei, alle med etternamn Nilsen, alle med vakre tekstar om byen og bylivet sine ljose og mørke sider. Rudolf, arbeiderklassepoeten framfor nokon, fekk eit kort liv og døydde berre 28 år gamal i 1929. Han rakk likevel å skrive fleire kjente og kjære dikt som Nr. 13, Gategutt, Revolusjonens røst og Jeg hadde tenkt. Fleire av dikta har blitt tonesette og kan nytast her: http://www.myspace.com/rudolfnilsen

Jokke eller Joakim Nielsen gjekk også inn i rekkja av dei unge døde da han i 2000 gjekk bort 36 år gamal. Tekstene hans handlar om menneske på skuggesida anten med rus-, økonomiske- eller sosiale problem. Broren Christoffer har gjeve ut teikneseriar som Uflaks og To trøtte typer og animasjonsfilmen Slipp Jimmy fri frå rusmiljøet i Oslo der broren vanka. Du finn desse på biblioteket.

Og så er det Lillebjørn som fortsatt er i live og produktiv og som meir enn nokon annan har hylla Oslo og livet i byen gjennom songar som Aleksander Kiellands plass, Tanta til Beate, Stilleste gutt og denne perla om det vesle, store dramaet som utspelar seg i Gågata i denne forunderlige by der gutter blir til menn(utålmodige siæle kan spole over praten, songen startar 3 min. ut i opptaket). http://www.youtube.com/watch?v=AgHzwgbY0dA

Rita snart på reisefot

2 kommentarer:

  1. De skriv så fint og koseleg! Inspirerar til gode leseopplevingar og gjer at eg saknar Lom... Takk for det!

    SvarSlett
  2. Det var koseleg å høyre, Kirsti, da var det verd "slitet"!

    SvarSlett