Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. september 2009

Om Schakenda og sjærlighet

Når den sentralt bebuande bibliotekaren i Lom har gode stunder om morgonen, spenner ho på seg joggeskoa og traskar i veg dei 400 metrane frå heimen og til biblioteket. Dette er ei overkomleg distanse reint fysisk sjølv for ein utrimma bibliotekar. Problemet eller luksusproblemet om du vil, er at ho på denne korte spaserturen vert utsett for freistingar ho sjeldan klarer å stå imot. Ut frå Bakeriet i Lom siv dei herlegaste dufter og pakkar sentrum inn i ein eim av kanelsnurrar, olivenbrød og ikkje minst Brownies. Sidan juli 2004 har salet av mjøl og gjær til privatpraktiseranda heimebakarar i Lom gått merksamt ned. I takt med dette har buksene våre hatt ein tendens til å krympe i klesskåpa. Alt dette må bakar Morten Schakenda ta æra eller skulda for. Like ved Prestfossen bygde han opp det lenge etterlengta Bakeriet i Lom som vart ein suksess frå fyrste stund. Folk valfartar frå fjern og nær for å hamstre "kaku" i Lom. Innimellom bakinga har Morten teke seg tid til å skrive bok om bollar, brød og tilfeldigheter ved Bakeriet i Lom. Biblioteket har sjølvsgat boka og i skrivande stund er ho også ledig. Morten lever ikkje av brød åleine. Det hender rett som det er at han tek turen over brua og låner seg litt åndeleg føde i form av lydbøker til glede og uhygge i seine nattetimar på bakeriet.

Biblioteket kan elles freiste med desse tre rykande ferske bøkene. Dei handlar på kvar sine måtar om den store eller den vesle kjærleiken, eller "sjærligheten" som Helene Uri signaliserte på 5 fylkers, vil bli den dominerande forma om nokre år. Søk på tittel og les meir om bøkene her: http://asp.bibits.no/lom_fb/ Dei tre vise er altfor gamle til å nytte den slags nymotens uttale, men dei blir nok aldri for gamle til å kose seg med dei riktig gode sjærlighetshistoriene.



Sjærleg blogghelsing frå Rita

7 kommentarer:

  1. Hihi.. Artig lesing og knallbilde på slutten;) Hilsen Ida:)

    SvarSlett
  2. Sjæmpekosle, Ida;)R

    SvarSlett
  3. Veldig artig å lese. Dere er gode ambassadører for kommunen og biblioteket. Selv har jeg flere ganger stått ved fossen der i fine sommerkvelder, på gjennomreise. Da har jo ikke biblioteket vært åpent. Men neste gang, kanskje. :)

    SvarSlett
  4. Koseleg å høyre Sinoberia:) Ja, neste gong må du koma innom å treffe dei 3 vise face to face;)Rita

    SvarSlett
  5. Artig læsna!! Alltid så trivele kåmmå på biblioteket-- heile tida eit smil å få-- DÆ SKA DØKK HÅ JENTÅ!!!! Gerd Mona

    SvarSlett
  6. Mange trivelege kundar dreg opp smilebanda veit du, Gerd Mona:-) R

    SvarSlett
  7. Jeg saaavner Bakeriet i Lom! Var fast stopp for Bokbussen. :-)

    Linn

    SvarSlett