Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

lørdag 26. september 2009

Man tager hvad man haver...

Etter mange år i teneste for litteraturen, er det eitt objekt som til einkvar tid tronar øvst på favorittlista saman med Den Gode Boka : Lånaren. Kvar einaste dag heile året gjennom er eg alltid like spent på kven som glyttar innom døra i den gamle prestegarden denne dagen. Ein veit aldri om dette er dagen då ein går heim med blaut snytfille i lomma etter å ha delt sorger med ei einsleg sjel, eller om ein lyt smørje gnagsåret under beltespenna etter overbelasting av lattermusklane når ein kufsar seg under dyna om kvelden. Lånegruppa vår er ei enormt ueinsarta mengd menneske som gjer kvardagen her så innhaldsrik og meiningsfull at ein dagleg gler seg på jobb som ein liten unge stundar på nissen med sekken. Og det er ikkje berre i det personlege møtet med lånaren ein tek del i livet til den einskilde. Kassa utanfør døra vår inneheld kvar morgon spor av lånarar som i ein travel kvardag pliktoppfyllande leverer inn att lånte "fjær" før vi rekk setje ut skiltet vårt og invitere folk inn. Deriblant får vi ikkje minst inn mange spenstige bokmerke! Her om dagen låg det derimot ein sjeldan pose i kassa vår. Rett ved innkastet har 3 strenge damer hengt opp ei nett, lita åtvaring om at vi ser helst at cd`ar ikkje blir levert i kassa, då coveret lett går sund i samanstøyten med meir "tung" lesnad. Denne lånaren har då vore så omtenksam at han har lagt lydboka i ein laaang, smal pose som lett kunne lirkast varsamt inn i sprekken og slik unngå den heilt store støyten i leveringa. Godt tenkt! Men kreativiteten var enno betre!! Den særeigne posen var i utgangspunktet nemleg tiltenkt heilt andre oppgåver enn bibliotekarbeid, men fungerte utmerka som innleveringssekk :-)



Elles er dagane travle for 3 småstressa for tida -møte, bokpratar, konferansar og utarbeiing av ny heimeside gjer bloggarbeid underprioritert. Vi sender difor ein varm TAKK til alle dei kreative lånarane våre som alltid oppmuntrar oss til nye utfordringar -det vere seg veterinærar, vaskehjelper, sjukepleiarar eller snekkarar! Lånarane ønskjest ei flott helg i haustblæsten, samt ein innhaldsrik ferie til dei som tek fri nokre dagar! Berre vinden stilnar kan hausten nytast i fulle drag i fjellet, og i mellomtida har vi supre bøker veleigna til sofakos!




Bloggar : takksame Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar