Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 17. august 2009

Orda du gav oss...


Sommar og ferietid er ein saga blott og dei tre bibliotekdamene er atter samla, enda ein tanke eller to visare enn før! Merete var den heldige vinnaren i ferielotteriet i år (også...)og stakk av med alt finvêret. Ho kom att her peparkakebrun og sprudlande da vi to andre håpefulle gjekk ut i ferie. Håpet vart ettertrykkjeleg knust for oss, og etter endt sommar vil vi endre det gamle ordspråket vårt til "Skaffar Vårherre oss væte, skal vi sjølve skaffe sol" og sender forslag til ordføraran om at eit solarium bør bli det nye kommunevåpenet vårt.

Sommaren har elles stått i stjerneteiknet til ein viss Knut Pedersen Skultbakken som etter utlendigheita i Nordlandene gjekk over til å kalle seg Hamsun. Den eine vise har tilbrakt delar av ferien i gul sommarkjole på Sognefjellet (rett nok med fleire lag polstring under). Vi har hatt måleriutstilling her med Hamsun-tolkingar av Arne Sandervang og fått med oss konsertar, avduking av statue, klagesang og skjemt frå Dei plåga, litteraturseminar og tekstframføring på høgt nivå, alt til ære for den universelle ordkunstnaren (for det er jo ORDA dine vi har feira, Knut, og dei kan ingen ta frå deg!)

I desse regntider er det skulestarten som pregar livet på biblioteket. Skulestart med ny giv, nye målsettingar, blanke dataskjermar og nokre fargestifter må fortsatt til. Vi registrerer lærebøker for både ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, ordnar bokkasser til klassene og bookar klassebesøk. Ei hektisk tid, men det er godt å vera i gang att og vi set pris på å ha ungdommen rundt oss att. I går strøyma det på med nye 1. klassingar frå den vidaregåande skulen som ville ordne seg med lånekort frå fyrste stund. Det kan me lika! Vi som tenestegjer for Ordet, vonar at dei unge håpefulle vil finne glede, vrede, humor og meining i litteraturen vi tilbyr dei. Som ein annan ordkunstnar frå bygda sa det: "Eit ord er eit under!" (Tor Jonsson).

Undrande bloggar: Rita

3 kommentarer:

  1. E må virkjele berre få kommentere kæ trist det æ utta biblioteket i Lom ner n bur burte!!! Æ kje det såmå gå på bibliotek i Bergen såm det æ "heime" :-)

    Mari

    SvarSlett
  2. Så trivle å høyre, Mari Beate, sjøl um Bergen offentlege vel ikkje æ å forakte dæ heill...Lykke te mæ studeringen i Bergen! Helsing 3 vise;)

    SvarSlett
  3. Ikkje noko er så trivleg som når "gamle" elevar stikk innom oss når dei er heime att heller,Mari!
    Lykke til i Bergen, og ta deg for all del ein tur når du er oppover! Laurdagane er jo alltid opne gjennom skuleåret, veit du :-)

    Merete

    SvarSlett