Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 31. august 2009

Kvardag 1926 i bibliotekar R sitt liv

I dag har vi tre vise fordelt visdommen vår på mange ulike felt innan bibliotekaryrket. Vi har sjølvsagt som alltid skrankevakta, vårt ansikt utad, som må ivaretakast. Dette er det mest synlege av det vi driv med, og her kan vi briljere (?) med bokkunnskapen vår og slå av mang ein koseleg prat med lånarar og andre som tek turen innom. Vi skal ikkje stikke under ein stol at det til tider er hard drakamp om å få denne vakta der framme i sivilisasjonen, fjernt frå støvete magasin, kontor og bakrom der mindre freistande oppgåver ventar. Vi har ein sovande plan over kven som skal ha desse vaktene, men den som sprett fyrst ut av senga om morgonen og vinst på å få planta seg på stolen i skranka, får som regel lov til å bli sitjande der iallefall fram til matpausa.

Vi har alltids noko å fylle tida med vi andre også, som ikkje er fullt så kvitrande om morgonen. I dag har t.d. den eine vise svinga malingskosten fordi vi skal "shine opp" utstillingsstativa våre som synte seg å vera relativt ukurante for andre storleikar enn det tradisjonelle romanformatet. Vi vil ikkje seie meir om dette i denne omgang, det kjem nok bilete på bloggen når vi har fullført verket...
Ho som har slite kontorstolen på bakrommet, har fråtsa i spennande gjeremål som å tilvise rekningar, svare på e-postar, bestille ny bamse til Bamsedagen 2009 (sjå den fine samlinga med bamsar over), ta telefonar, magasinere og kassere haugar av bøker og midt oppi alt dette kom ho plutseleg til å tenkje på at nå har ho drive med dette i 10 år! Gosh, som Sissel Kyrkjebø ville sagt det. Lite visste ho kva ho gjekk til da ho takka ja til denne jobben, halvstudert bibliotekar som ho var, med håp om at bøkene var lettare å halde styr på enn skuleungane. Ho følte nok til tider at ho hadde teke seg vatn langt over hovudet, noko som det fyrste møte med Torunn Eikemo (guru på fylkesbiblioteket i 40 år og syster til Jon) var med på å forsterke. Torunn ynskte som seg hør og bør velkommen i ny jobb, og på skarrande eikelandsk utbraut ho: "Biblioteksjef i Lom, hahah (rå latter) ja, da må du ha bein i nasen, jente!" Gulp, halvstudert krympe, krympe, bein i nasen, krympe krympe. Lita som ei teskei kom ho seg heim og jammen sit ho her enda meir eller mindre beinlaus og med noko varierande storleik frå dag til dag. Men ho har aldri angra, for ho trivst usannsynleg bra saman med bøkene, kollegaene og bibliotekbrukarane sine (og sette for øvrig stor pris på å bli kjend med Torunn etterkvart også og har det slettes ikkje så ille her i Lom.) Det har skjedd store endringar på desse ti åra både innan biblioteksektoren generelt og på eige bibliotek, men det får bli tema i ein annan blogg. Nå må ho avslutte mimringa, blogginga og kvardag 1926.

Bloggar: Bibliotekar R.

2 kommentarer:

  1. Tykjy dei 3 vise har ein jælma god blogg her. Gler me alt på neste innlegg.

    SvarSlett
  2. Takk for det! Så kosle å høyre! Da må vi kvesse blyanten ekstra godt før neste innlegg...
    Ex-klassekamerat R

    SvarSlett