Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 6. mai 2009

Engelske bøker


Hylla vår med engelske bøker har vore luftig og heller skrinnt utstyrt i mange år, men biblioteksjefen har no gjort ein liten innsats for denne delen av boksamlinga vår. Ho har gått til innkjøp av fleire av dei verkeleg gode, nyare bøkene på engelsk, som t.d., A thousand splendid suns, Gardens of water, Sonata for Miriam, The Da Vinci code, Slumdog Millionare, The outcast og Cathedral of the sea. Fleire seriar inngår også i dette, som td. Stephenie Meyer og John Marsden sine bøker. Bøkene spenner vidt frå krimsjangeren til fantasy og romanar, og her finst det bøker både for godt vaksne og yngre lesarar.

Alle de som meistrar engelsk kan altså gle dykk over fleire bra bøker på dette poetiske og fine språket framover sommaren!

Bloggar: Merete

1 kommentar:

  1. Jælma bra at døkk ha fått inn meir ængelske bøk! E veit um minst einn person som kjøm te sjekke ut deinn nye samlinge, ja. :)

    SvarSlett