Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 4. mai 2009

Kom mai du skjønne milde...

Da er ei av desse lange helgene i mai overstått og vi skriv Måndag 4. mai med stor M. Det er nemleg ein måndag litt utanom det vanlege her i dag. Den eine av oss tre vise står på farten "søte" (sørover for dei uinnvigde) til sol, sommar, badeliv og tilhøyrande herlegdomar. Vi ser det på ho at det er ikkje Bjørneboe og Vestly som står fremst i pannebrasken i dag, dei har nok tapt kampen mot palmesus og bølgjeskvulp i dag - og da forstår seg!

Den andre av oss vise er i ferd med å misse trua på både visdom og evner elles. Nå har ho gått heile vinteren og budd seg på denne konfirmasjonen som skal stå til våren, nærare bestemt om tre veker. Problemet er at desse førebuingane berre har gått føre seg på det mentale planet. Ho hadde planar om å lage flott scrapbookalbum til den store, vesle konfirmanten sin med scanna bilete frå alle albuma ho ein gong var så flink til å ordne, med passande dikt, sitat og songar til. Det skulle bli så fint! Men så gikk nu dagan, og nå byrjar timeglaset å renne ut både med tanke på scrapbooking, vasking, rydding og alt anna som ho ikkje har hatt mot til å sleppe til i bevisstheita. Lettare fortvila over seg sjølv og mangelen på tiltak har det blitt lite sømn og tilsvarande mykje kaffe.

Det er bra at den tredje av oss fortsatt er klar og vis og har ein frontallapp fylt til randa av bibliotekrelaterte tankar som munnar ut i gode bibliotekrelaterte handlingar. I dag har ho også vore utruleg observant og gjort oss merksame på at det heiter trilogi og ikkje triologi som vi alle har vore heilagt overtydde om at det heiter (og som vi vel fortsatt meiner at det burde heite...). Men da har vi lært noko nytt i dag også, så får vi sjå etter overstått ferie og konfirmasjon om vi to andre også får på plass ein litt meir bibliotekrelatert tankegang att. Midt oppi alt dette tek vi oss stunder til å gle oss over porselensblomen vår som lever sitt eige liv og blomstrar som aldri før!

Bloggar på randa: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar