Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. april 2009

Tomt golv, nye muligheter

Fy flate så flinke vi visene damene var før påske!!! Viss de ser attende på bloggen vår den 20. mars vil de sjå forvandlinga som har skjedd på kontoret her. Vi har fått tømt eit golv som var overfylt med nye bøker, lydbøker og musikk som venta på å bli innlemma i samlinga, bøker til magasinering og omregistrering og bøker som skal leggjast ut for sal i Garmo. Nå kan vi puste litt lettare ei stund att og tykkjer vel eigentleg at vi hadde fortent ein ekstra fridag i det fine vårvêret i dag...(og da fortrengjer vi alle kassene med bøker frå Garmo som står på magasinet...)

Men nya dagar väntar med nya tidsfördriv. Nå går det slag i slag framover med ulike arrangement og tilstelningar. Laurdag blir det boklansering og signering her. Eldbjørg Nyborg frå Dombås lanserer boka si Ut i naturen - inn i naturen i Lom sidan utstillinga hennar står her nå. Boka inneheld 24 digitale akvarellar med sitat og små anekdoter til. Vi kan friste med kaffe og enkel servering til boklanseringa.

Onsdag 22. april kl. 17.00 syner Marianne Kostøl fram forestillinga "Jordbærputer og lakrisbåter", sang og moro med handdokker og marionettar, gitar, ukulele og fløyter. Forestillinga passar best for barn frå 3 - 10 år. Dette blir hovudarrangementet vårt i år i høve "Verdens bokdag" som er dagen etter, den 23. april. Onsdag 29. april blir det "opphøyrssal" på filialen i Garmo frå 17.00 - 19.00. Der har vi mange fine bøker som vi legg ut for sal etter prinsippet fyrst til skranka, men dette får de nok høyre meir om seinare! Enn så lenge frydar vi oss over tomt kontorgolv og vår med ljose dagar.

Bloggar i tidvis öppna landskap: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar