Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 7. april 2009

Påskeblogg

Påska, høgtid for svik, sorg og saknad, er over oss igjen. Heldigvis vart det så viseleg gjort at desse elementa er kombinert med sol og spiring her nord, tenk deg om jul og påske hadde vore ombytt...Ja, nå skal det seiast at påska ikkje er ei heilsvart høgtid, vi skal sjølvsagt ikkje gløyme den glade bodskap som påska representerer med oppståda og ein påskemorgen som slukker sorgen!

Vel, korleis influerer dette dramaet som skjedde for 2000 år sidan eit lite bibliotek i utkanten av verda i dag? Vi låner iallefall ut mykje krim nå i desse dagar. Merete skreiv i førre innlegget på bloggen om korleis tradisjonen med påskekrim oppstod, og det er nok ein særnorsk tradisjon som ikkje direkte kan koplast til Getsemane og Golgata. Men det var utan tvil ei hending spekka med dramatikk og spenning som utspelte seg i Jerusalem desse påskedagane også, med ein helt som gjekk frå å bli hylla som konge med hallelujarop og palmegreiner, som få dagar seinare opplevde svik, redsle og pinsle av verste sort. Få krimromanar er vel meir velkomponerte og bestialske enn denne bibelforteljinga! Kanskje finn du parallellar til lidingssoga frå Golgata i krimromanen du les i påska også viss du tenkjer etter?

Uavhengig av påske og bibelen, er det sikkert mange grunnar til at krim er så populært for tida. For det fyrste blir det skrive veldig mange og gode krimromanar, mange vil bli oppslukte og underhalde og flyktar inn i boka så snart dei har sjanse til det, det er ein måte å oppleva spenning på i eit elles kanskje altfor trygt tilvære og det er drama som det finst løysingar på der sakene blir oppklarte.

Vi tre vise som jobbar her har ikkje tatt ferie enda. Vi står på till the bitter end og prøver å låne ut så mykje som råd før vi stengjer dørene i kveld. Eit par av oss kjem vel til å halde det gåande i morgon også for å jobbe inn tapte timar og for å utsetje vask og spreiing av kjuklingar i heimen så lenge som råd. Vi ynskjer dykk alle ei god påske - med eller utan krim, kjuklingar og kvikklunsj!

Bloggar: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar