Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 3. april 2009

Bokorm og påskekrim





Siste skuledag før påske har vi hatt avslutning av leseprosjekt for 3. klasse i Lom. Guttorm har fått heile 240 ledd på kroppen sin i perioden frå 9. mars og fram til i dag, noko som er rekord for bokormen sidan vi starta dette prosjektet for 6-7 år sidan! Guttorm vil pryde veggen i barneavdelinga ei stund framover våren, så det er fritt fram for å kome og helse på rekordslangen!


Borna fekk saft og muffins medan dei delte mange gode boktips med kvarandre. Til slutt fekk alle ein lesehestdiplom som bevis på flott innsats. Gratulerer og god påske til alle lesehestar!


Vi bibliotekdamene tek ikkje ferie før godt ut i neste veke, og vi håpar på retteleg bra besøk frå krimsugne, påskeferierande lesehestar i dagane som kjem. På sidene til tXt har vi funne nokre moglege forklaringar på kvifor vi nordmenn er så krimhungrige denne høgtida, her represnetert ved eitt av dei:


"– Palmelørdag i 1923 satte direktør Harald Grieg i Gyldendal Norsk Forlag inn en avisannonse der det sto: «Bergensbanen plyndret i natt». Det var en annonse for en ny krimbok av Nordahl Grieg og Nils Lie, men ble oppfattet som en nyhet. Panikken bredte seg i Oslo, for mange skulle reise den strekningen med toget. Men PR- stuntet virket og la mye av grunnlaget for koblingen mellom påske og krim. "


Sitatet er henta frå eit intervju med sjølvaste Varg Veum-"faderen" Gunnar Staalesen, ein forfattar som hos oss har fått ein "ny vår" etter at bøkene hans vart filmatisert. Om det blir kriminelt, humoristisk eller meir romantisk ved peiskosen rundt om i Lom og omegn denne påska skal vera uvisst, men lesnad skal det i alle fall bli ei råd med!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar