Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 17. april 2009

Fest og feiring


Vekene går, våren har slått til for fullt i Lom, og påskeutstillingane er skifta ut med bøker om fest og store dagar med tanke på alle dei som på ymse vis har konfirmasjonar og andre høgtidsfeiringar i vente. Vi tok også sjansen på å stille ut noko litteratur for dei som har planar om å inngå ekteskapsløfte i nær framtid, sjølv om einskilde her på huset lurde på om vi ikkje heller skulle leggje fram bøker om midtlivskriser, skilsmisser og privatøkonomi i staden... Det pyntar derimot mykje betre opp med fargesprakande bøker om fest og feiring, så får vi heller rettleie som best vi kan dei som tykkjer dei fell utanom denne kategorien i tida framover. Kanskje er det nettopp desse som kjem att for å låne festleg litteratur ein annan vår?


Neste veke går det slag i slag med ulike gjeremål for oss vise damene. Laurdag gler vi oss til å ta i mot Eldbjørg som skal lansere boka si her, måndag skal underteikna putre oppover Bøverdalen med ein haug nye, bra bøker som skal presenterast for både barnehageborn, skuleelevar og lærarar, og onsdag skal vi både ha teaterframsyning med Marianne Kostøl, samt at vi stiller med ein lengre bokprat på storforeldremøte i barnehagen på Loar. Dette får bli vår markering av Verdens bokdag dette året, og vi håpar at både born og vaksne går våren i møte med mange nye boktips etter all bokpratinga vår ;-)


Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar