Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 24. april 2009

Litt fritt

Denne veka har vi tre wise bøygd oss så grundig ned i støvet at vi slit med å rette oss opp att til helga så gamle og giktbrotne som vi er i ferd med å bli. Vi har latt oss sjarmere, imponere og inspirere av russane våre og den flotte revyen dei har laga! Ja, for vi føler liksom at vi er ein liten del av det heile vi også, som er biblioteket deira og har fora dei med lesestoff, musikk og filmar opp gjennom åra. Vi har hatt mykje kosleg besøk av dei seriøse hardtarbeidande elevane som er russar i år. Rett som det er har det banka forsiktig på bibliotekdøra før vi har gnikka sømnen skikkeleg ut av augene, og dei har stått utanfor morgonfriske og opplagde for studering. Dette er besøk vi set stor pris på, og vi kan slå oss på bringa og seia at ja, i Lom er biblioteket ein læringsarena og det er noko vi ynskjer å fortsetja å vera.

Men det er revyen som har inspirert oss mest desse siste dagane. Vi har observert hektisk aktivitet i det siste med øvingar både titt og ofte og stundom til langt på natt. Så kom den fantastisk fine plakaten opp som overtydde oss om at dette måtte vi få med oss og det angrar vi slett ikkje på. Vi skal ikkje røpe for mykje av innhaldet for dykk som skal i vegen i kveld, men vi kan anbefale dykk på det varmaste å ta turen. Det vart avslørt mykje talent gjennom gode skodespelarprestasjonar, fin sang og musikk, og det innleigde bandet med avdanka russ frå 70- og 80-talet var med å heve kvaliteten ytterlagare. Vi har sett nye sider av dykk som vi seint vil gløyme og de har gjeve oss nye assosiasjonar til delar av vår felles kulturarv. Reveenka blir aldri den same for oss meir, Kurt Albert! Vi går og nynnar på Hamsuniania, Torunniania og vurderer å leie dykk inn til neste Karius og Baktus-forestilling på biblioteket (vi plar få lov til å vera med å halde tannkosten, men neste gong blir det kanskje dusjen...). Den eine av dei vise har ymta frampå om at ho håpar på mykje varmt vêr i mai...

Så ynskjer vi dykk lykke til med siste forestilling i kveld. De kan vera stolte av det de har fått til både de som var på scena og de som trekkjer i trådane på sidelinja. God helg til dykk alle både årets-, kommande- og oss avdanka!
Bloggar - 20 år etter: Rita
Takk for at vi fekk bruke biletet ditt Elias Sperstad!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar