
Prosessen fram mot denne kvelden har vore lang, og vi har brukt mange timar på å vurdere kva bøker vi skal ta med til Lom, kva bøker som er så slitne i Lom at dei må skiftast ut med dei penare brukte eksemplara i Garmo, kassere bøker i Lom for å få plass til bøkene frå Garmo og på å slette nærare 3000 bøker frå bibliotekkatalogen vår før vi endeleg kunne førebu salet og gå over bøkene på nytt og prise dei. Nå står det 15 store pappkartongar på magasinet med bøker som skal omregistrerast og inn i hyllene på hovudbiblioteket og i Garmo er det framleis att nokre hyllemeter til med bøker så vi er ikkje heilt i mål enda. Det er som de skjønar mykje arbeid med å leggje ned bibliotekfilialar, og eit tips til andre kommunar som går med nedleggjingsplaner er å vente med evt. reduksjonar av stillingsressursane til dette arbeidet er over!
I dag er vi letta og glade for at salet gjekk så bra og smertefritt, vi oppdaga ingen slåsskampar eller høglydt krangling om bøker bak reolane, så vi vonar at kjøparane også kom heim att tilfredse og har byrja og snekre seg fleire bokhyller.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar