Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 20. april 2009

Det er størrelsen det kommer an på!

Det var med stor spaning og skyhøge forventningar vi mottok dei nye Opening-the-book reolane våre i dag. Reolane vart bestilte for mange veker sidan og har vore svært etterlengta. Vi fekk 3 kjempestore pakker køyrt inn i resepsjonen før sjåføren takka for seg og overlet monteringsjobben til oss, han såg nok litt tvilande på oss i det han tok kuten. Men som dei vise kvinner vi er, let vi oss ikkje skreme av flatpakka reolar og mannfolk utan tiltru til oss, vi kan da vår Umbraco må vite!

Det må seiast at det var ein relativt enkel monteringsjobb denne gongen, nesten litt skuffande enkel... Problema oppstod fyrst når vi skulle fylle bøker inn i reolane. Som dei estetisk bevisste individa vi er, fann vi fort ut at bøkene som står ved sida av kvarandre må vera like høge, omhandle same tema og ha farger som matchar (og helst skal dei matche interiøret og fargene vi har på kleda våre også...). Dette vart ei Kinderegg-utfordring av dimensjonar!!! Vi har gått på leit, plukka fram bøker, stilt dei ut og tatt dei ned att. Det endelege resultatet ser de her, og vi må vel seia oss rimeleg tilfredse til slutt (det de ikkje ser er at det ligg stabel på stabel med bøker rundt omkring som må ryddast i morgon tidleg før vi opnar). Så håpar vi mange kjem innom og ser på vår nye Opening-the-book-resepsjon, så skal vi velje farge på kleda våre med omhu i tida som kjem. Ja, og vi er klar over at det vart mykje rosa, lilla og feminint over utstillinga over, men vi lovar å lage ei med meir testosteron og barske glæder som kan appelere til våre mannlege bibliotekbrukarar også!

Konklusjonen er at iblant er det størrelsen det kjem an på, og vi håpar vi har narra mange kofferttenkjande sjeler til å lesa heile artikkelen. Viss de vart skuffa, kan vi lokke med ei bok med erotiske dikt som vi fann verdig både når det gjalt fargar, tema og størrelse til å få plass på skranka saman med bryllupsbøkene.

Bloggar i estetikkens høyborg: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar