To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 20. mars 2009

Sjefen som skulle stelle heime...?


Nei, å nei -kva har vi rota oss bort i no...? Midt i avvikling av ein filial strøymer det på med mammutbøker og kulturfond-askar, leseprosjekt, bokpresentasjonar, kursreiser og prosjektskriving på vidaregåande. I tillegg skal lånarane få sin service og rettleiing i val av bøker, tralla med "utlesne" bøker skal haldast ryddig, og sosiale tenester på nettet skal oppdaterast. Om ikkje dette er nok, kjem sjefen måndagsmorgon sprudlande nydusja og inviterer til personalfest laurdag!? Forstå det den som kan!
Golvet på kontoret er bortimot uframkomleg, dekt av bokstablar med lesnad som skal vurderast for kassering og magasinering for n-te gong, og store askar med nyskrivne bøker som struttar i sin iver etter å skine frå støvfrie hyller og kunstferdig danderte utstillingar. Telefonen kimer i tide og utide, og sjefen er like imøtekomande og blid åt alle dei meir eller mindre seriøse pratesjuke seljarane og andre sjeler som treng ein å dele eitt og anna med... Og på kontoret til "Trulte" (= ikkje sjefen!!) kjem det ei lifleg duft av nytrakta kaffe som putrar gromt borti glaskarmen.
Ja, nett slik ER kvardagen på Lom folkebibliotek for tida, og det verste (les: beste) er at alle dei 3 vise damene stortrivst i dette hektiske rotet. Nett difor blir det nok som Sjefa vil denne helga -det er alltids noko å feire, så ein ekstra kveld med avslapping, kvar sitt stettglas fyllt med djupraud væte og mykje godt tullprat om store ting i Livet er så absolutt på sin plass!
God helg alle der ute!
Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar