To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

lørdag 14. mars 2009

Kulturfondbøker, vakre målføre og organdonasjonar

Fredag den 13. tok vi turen til Gjøvik for å få med oss presentasjon av kulturfondbøker frå 2008. I fjor vart 280 titlar vaksen skjønnlitteratur voge og funne passe tung til koma med i den statlege innkjøpsordninga. Desse bøkene blir sendt ut til bibliotek over heile landet slik at vi alle skal ha tilgang til den norske samtidslitteraturen.



Vi lada opp med ein godt og vel 3 timar lang biltur med statoilkaffe for å halde oss vakne og interessante diskusjonar kring store tema som livet, døden, sorteringssamfunnet, å finne sin plass i tilveret, ulike legningar, krummsupe og grynpysje. Tema for den mest gjevande og horisontutvidande diskusjonen var organdonasjon og om korvidt hjartet har si eiga sjel. Den eine av oss, lat oss kalle ho x, tykte det var heilt greit å donere alle organ etter at ho var død, berre ikkje hjartet. Ho hevda hardnakka at hjartet har si eiga sjel og kunne difor ikkje donere det til andre. Ho såg for seg å koma att som fjellfugl ved Tesse i sitt neste liv, fortsatt med sitt eige hjarte i bringa (tung fjellfugl...). Den andre av oss, lat oss kalle ho y, var velviljug innstilt til gjenbruk av hjartet også og meinte at evt. sjelelege eigenskapar eit hjarte måtte ha, følgjer resten av det som utgjer sjela inn i det hinsidige. Den tredje i bilen, lat oss kalle ho Gunvor, megla som best ho kunne.



Dette har i og for seg ingenting i ein bibliotekblogg å gjera, og er sikkert totalt uinteressant for alle lesarar av bloggen, men vi nærmar oss eit poeng nå. For da forfattar Stein Versto på nydeleg Vinjemål og med ei god stemme å lytte til (vi må innrømme at dette til tider tok litt fokus vekk frå innhaldet), starta presentasjonen av kulturfondbøkene, så var vi midt inne i tematikken frå bilturen. Vi nikka attkjennande til tema i bok etter bok og fann ut at vi var veldig aptudeit i tankegangen vår! Det spørs om vi likevel må lesa bøkene for å utvide horisonten ytterlegare. Her er nokre av bøkene som vart trekte fram som særleg lesverdige:



Øyvind Hånes: Antagon

Jan Roar Leikvoll: Eit vintereventyr

Selma Lønning Aarø: Venstre hånd over høyre skulder

Bror Hagemann: Eyla

Kristian Klausen: Måltidet i Emmaus

Jørgen Krog: Norsk elghund, grå

Øyvind Rimbereid: Herbarium

Fleire av desse forfattarane er debutantar og uskrevne blad, det er spennande!

Særskilt interesserte kan lesa meir om bøkene her: http://asp.bibits.no/lom_fb/default.asp



Vi fekk også høyre om Bokpod-prosjektet i Gjøvikregionen der biblioteka har gått saman om å lage lydfiler med bokpresentasjonar, eit spennande prosjekt med dyktige bokformidlarar, høyr t.d. denne om boka "Drømmefakultetet" og finn ut kva forkortinga SCUM står for;-) http://www.vestre-toten.folkebibl.no/cgi-bin/rss?podfeed=nyepodder



Sidan vi allereie var på farten, tok vi turen om Raufoss og såg på det nye og innbydande Opening-the-book-biblioteket der. Vi reiste heim med ny inspirasjon, litt meir bokkunnskap i bagasja og gjenlyden frå røysta til Stein Versto.


Bloggar: Rita

1 kommentar:

  1. Dette er niks totalt uinteressant og gir meg lyst til å lese kulturfondbøker :) Hilsen Eldbjørg

    SvarSlett