Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 24. mars 2009

Bortgøymde skattar


Mangt og mykje dukkar opp att på nedstøva magasin og avdanka filialar berre ein får inspirasjon og press nok på seg til å reinske opp i hyllene. Sjefa har gravd seg inn på mange skattar under renoveringa av det overfylte magasinet vårt, bøker som absolutt bør fram i lyset att! Vi tykte difor at våren var ei fin tid å gjere stas på desse "historiske funna", og har i dag stilt nokre av dei ut blant blomegreiner og vårlege fargar på disken rett ved sida av den våryre bibliotekaren som til einkvar tid har skrankevakt.

Problemet var berre at desse bøkene så desidert kjem best til sin rett i oppslått tilstand, og dei vart utruleg "rumfreke" (dølamål for "plasskrevjande") på den smale disken -som sikkert er forma for å stå i stil med dertil slanke skrankedamer...? Resultatet vart som de ser kun 4 utstilte bøker -3 gamle og 1 heilt ny- men vi trur i det miste at desse vil bli lagt merke til, og forhåpentlegvis vil fleire enn oss sjå verdien og nostalgien i gamle, vakre bilete og historiske opplysingar.

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar