Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 31. mars 2009

Ut i naturen - Inn i naturen


I dag opnar vi fotoutstillinga "Ut i naturen - Inn i naturen" på biblioteket. Det er Eldbjørg Nyborg frå Dombås som er den kreative sjela bak denne utstillinga som består av 24 digitale akvarellar med eit passande sitat til kvart bilete. Naturmotiva er i all hovudsak henta frå nasjonalparkane i regionen vår. Utstillinga har vandra frå bibliotek til bibliotek her i Norddalen sidan november i fjor, og skal vera her i Lom til og med den 4. mai. Det er ei salsutstilling, så det er høve til å kjøpe bilete for dei som måtte ynskje seg ein digital akvarell på veggen heime eller som gave. Vi kan ikkje anna enn å skryte Eldbjørg og bileta hennar opp i skyene! Kom og sjå sjølve!

Lenke til heimesida til Eldbjørg: http://www.fjellheimen.nu/side/main.php og bilete frå utstillinga i Lom: http://www.fjellheimen.nu/side/news.php?readmore=29

Bloggar: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar