
Bestillinga vart lang med bøker for barn, om barn, reisebøker, bøker om globalisering, klima, erotikk, mat og vin, homeopati, musikk, fotball, ski, hestar og kattar og sjølvsagt krim for å nemne nokre tema. Eg ser bl.a. fram til å lesa Samlede tristesser i utvalg http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=samlede%20trsitesser&p=1&r=1&cid=178656, dette trur eg er humor for meg!
Elles har den nye trappa kome på plass i dag, så nå er bokkassa vår tilgjengeleg att. Den gamle trappa på Loarbygget var ei steintrapp med sjel. Kunne ho prate, ville ho nok hatt mange morosame, interessante og kanskje også triste historiar å fortelja frå glade skuledagar, spente elevar den fyrste skuledagen og kanskje lange og sørgjelege avskilar i seine nattetimar, kva veit eg. Om den nye trappa er like sjelfull skal vera usagt, kanskje er det blankt strekkmetall som er sjelfullt i vår tid? Uansett vil også denne trappa få sine historiar å fortelje - kanskje blir det færre historiar om fall og beinbrot og lange avskilar... Mange vil nok meine noko om trappa så eg reknar heilt sikkert med at det siste ordet i denne saka ikkje er sagt.
Bloggar: Rita
Ååååå, kor eg gler meg til Mammutbøkene strøymer inn til oss!! ...hadde det enda vore litt plass igjen til dei i hyllene.... Well, well -vi går vel for "Opening the book" i tida framover, så dei nye bøkene får sikkert plass i eit par-tre-fire-fem-seks nye utstillingsremeliar..?
SvarSlettKva trappa vedgår, kan eg i alle fall skrive under på at sola steikjer like godt som før der ute -med unnatak av ein lett bris "der nede frå" dersom ein kler seg som frøken Monroe ;)