Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. mars 2009

Mammutsal og ny trapp

I går starta Mammutsalet 2009. Det er ein fryd å kunne fråtse i nesten nye bøker med eit nesten nytt budsjett og shopoholikeren i meg fekk tilfredsstilt sine lyster for lang tid framover. Dette er noko av det vi set mest pris på med jobben vår, å kunne velja ut bøker og byggje opp ei samling nær sagt etter eige skjønn. Biblioteklova stiller rett nok krav til kvalitet, aktualitet og mangfald, men tøylene er ganske frie og vi føler oss priviligerte!

Bestillinga vart lang med bøker for barn, om barn, reisebøker, bøker om globalisering, klima, erotikk, mat og vin, homeopati, musikk, fotball, ski, hestar og kattar og sjølvsagt krim for å nemne nokre tema. Eg ser bl.a. fram til å lesa Samlede tristesser i utvalg http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=samlede%20trsitesser&p=1&r=1&cid=178656, dette trur eg er humor for meg!

Elles har den nye trappa kome på plass i dag, så nå er bokkassa vår tilgjengeleg att. Den gamle trappa på Loarbygget var ei steintrapp med sjel. Kunne ho prate, ville ho nok hatt mange morosame, interessante og kanskje også triste historiar å fortelja frå glade skuledagar, spente elevar den fyrste skuledagen og kanskje lange og sørgjelege avskilar i seine nattetimar, kva veit eg. Om den nye trappa er like sjelfull skal vera usagt, kanskje er det blankt strekkmetall som er sjelfullt i vår tid? Uansett vil også denne trappa få sine historiar å fortelje - kanskje blir det færre historiar om fall og beinbrot og lange avskilar... Mange vil nok meine noko om trappa så eg reknar heilt sikkert med at det siste ordet i denne saka ikkje er sagt.
Bloggar: Rita

1 kommentar:

  1. Ååååå, kor eg gler meg til Mammutbøkene strøymer inn til oss!! ...hadde det enda vore litt plass igjen til dei i hyllene.... Well, well -vi går vel for "Opening the book" i tida framover, så dei nye bøkene får sikkert plass i eit par-tre-fire-fem-seks nye utstillingsremeliar..?

    Kva trappa vedgår, kan eg i alle fall skrive under på at sola steikjer like godt som før der ute -med unnatak av ein lett bris "der nede frå" dersom ein kler seg som frøken Monroe ;)

    SvarSlett