Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 27. februar 2009

Kommunale kurspottar og kollegiale rimsmedar

Vi er midt i avviklinga av vinterferien på biblioteket så difor var eg einsleg på arbeid i går. I ei ledig stund sette eg meg på bakrommet for å få i meg den daglege rasjonen med kaloriar med ein rykande fersk Fjuk til. Kosen tok imidlertid ein brå slutt da eg oppdaga eit oppslag om meg sjølv smurt utover sida med gratulasjonar. Rett nok hadde eg fylt år i veka som gjekk, men eg hadde ikkje rekna med at ein 39 årsdag kvalifiserte for storstilt helsing i Fjuken. Det var sjølvsagt min elles så smukke kollega Merete som hadde misforstått runde år og runde tal som var hjerna bak denne overraskinga. Helsinga var ei lovprising frå ende til anna om kor ung og ven eg var og kor utruleg bra eg heldt meg, og eg skjønte med ein gong kva ho var ute etter (men det er dessverre ikkje eg som fastset lønningane på biblioteket, Merete...). Blant anna kom ho med påstandar om at kurs er ein viktig grunn til at eg held meg fyrrig (!) og stram, og eg tenkte med gru på kva løyvande myndigheiter måtte tenkje om kursa vi deltek på og kurspotten til biblioteket.

Bibliotekarar på kurs er ikkje som andre kursdeltakarar og vi gjer alt vi kan for å leva opp til fordommane om oss som smålåtne, alvorsame og på alle vis unnselege vesen (protestér og motbevis det gjerne de som føler for det:-). Der drevne seminaristar held det gåande til den ljose morgon, tek vi med oss den stramt oppsette hårknuten vår og går til sengs klokka halv ti lengtande etter fyrste foredrag dagen derpå. Da hadde den mikroskopiske prosentdelen av mannlege kollegaer allereie lagt seg klokka ni med Dewey desimalklassifikasjon ventande på puta. Nei, nå var eg lei, men så langt unna sanninga er det ikkje...

Når det er sagt, så har likevel rimsmeden av ein kollega eg har eit poeng. Eg tykkjer det er gjevande og inspirerande å delta på kurs, og eg trur det er ein stor fordel både for bibliotekarar og andre yrkesgrupper i dalstroka innafor at vi reiser ut ein gong i blant. Vi treng nye impulsar og treng å halde oss oppdaterte på kva som skjer innan dei ulike fagfelta våre viss vi skal halde tritt med utviklinga. Det siste kurset eg deltok på "Mellom forandring og forankring. Endring i bibliotek" gjorde meg enda meir overtydd om dette. Biblioteka er i ei omstillingsfase. Den fysiske samlinga av bøker og andre medium som tradisjonelt har vore "biblioteket" er i ferd med å bli digitaliserte. Vi kan finne informasjon om det aller meste på nettet og fleire og fleire brukar nettet istaden for boka som oppslagsverk. Dette er ei utvikling som medfører at det tradisjonelle biblioteket der dei fysiske samlingane er alfa og omega får mindre og mindre relevans for folk flest, og fokuset vårt må flyttast meir over til tenester biblioteket kan tilby og biblioteket som sosial møteplass.

Aalborg bibliotek har tatt steget fullt ut og gjort om barnebiblioteket frå eit "boklager" til eit inspirasjonsrom med musikk- og filmrom, læringsrom, rom for dataspel og småbarnsrom. Dei kasserte 50% av bøkene og plasserte 90% av dei resterande i kjellaren i eit "tradisjonelt" bibliotek sjølvsagt med fritt tilgjenge for alle. Dette skapte mediestorm i Danmark, men besøkstala i Aalborg har auka og utlånstala har gått mindre ned enn frykta. Kongsberg bibliotek har frittgåande bibliotekarar som har lausrive seg frå skranka (i fall det skulle koma kundar som sleit med t.d. kløe i baken som grudde seg for å stille seg i lang kø ved skranka og spørje etter stoff om emnet iflg biblioteksjef Geir...), dei har laga film om biblioteket og lagt ut på You tube http://www.youtube.com/watch?v=qlmyT5PP4lM, dei låner ut gitarar, har devotek lab (for å auke interessa for realfag) og 16 macar som vert nytta til animasjon.

Vi går ei spennande tid i møte med mange vegval som skal takast. Vi trur iallefall det er viktig å møte folk der dei er, bl.a. ved å vera synlege på nettet, på blogg, facebook og heimesider. Ny heimeside er neste store satsingsområde når vi får avvikla filialen i Garmo, sendt inn statistikk og feira påske. Og da må det vel til kursing att... Må berre avslutningsvis få seie at eg tek av meg hatten og bøyer meg i støvet for mine trivelege og oppfinnsame arbeidskameratar - eg set stor pris på dykk trass alt! Med ynskje om ei god helg!

Bloggar: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar