Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 24. februar 2009



Travel etterjulsvinter...


Vi i personalet har no sett av bestemte tider kvar veke då vi skal oppdatere dei ymse sidene vi har ute på nettet, og slik skulle alt bli SÅ mykje enklare med ymse oppdateringar. Inga attgløymer her i garden, nei! Men akk, så enkel er ikkje kvardagen... Her har etterjulsvinteren gått med til kurs av ulike slag, sjukdom og nedleggjing av filialen i Garmo. Sjølv om Lom for oss er midtpunktet i verda, inneber kurs i samband med jobb mest alltid ein del reising, og slik sett blir det ein del fråvere når ein vil følgje med i tida. Dermed har vi ganske så ofte vore einslege på arbeid dei siste vekene, og kva blir vel att på lista over "oppdrag IKKJE utført" då...? Vel, vel -sjå alltid lyst på livet -uansett!


I går var for ein gongs skuld alle tilsette -heile 3 damer(!)- samla på biblioteket, og vi nytta høvet til å feire at sjefen vår blir yngre og yngre for kvart år! Fødselsdagen vart feira med stooor kake (fekk så vidt plass på ein middagstallerken...), ein halv gebursdagssang, og som vanleg myyykje latter. Slik MÅ ein berre ta seg tid til midt i statistikk og overføring av bøker frå filialen til hovudbiblioteket. Skuleferie inneber jo litt mindre elevar på besøk, så vi klarte fint å smette inn ei felles kaffepause på den store dagen. Gratulerer, Rita!


Bloggar; Merete

1 kommentar:

  1. Takk Merete og Aud, til og med heimebaka blautkake på jobben og blome og triveleg kort(hmmm)! Eg er så utruleg heldig med kollegaer! Dette bilr reine skrytealbumet, men det er nå sant da.

    SvarSlett