Det er ferietid og sjefen rular aleine på jobb. Innimellom kaffislurkane og trivelege bibliotekgjestar frå fjern og nær, får ein ein sjeldan gong tid til å bla litt i bøker og drive litt fagleg oppdatering. Ein dag denne veka var ein slik sjeldan gong. Eg hadde inntatt skrankeposisjon, sat og las meg opp på litteratur- og kulturformidling, og ante fred og inga fare. Best som eg sat der, kom eg over ein artikkel om formidling på bibliotekbloggar. Hm, det er jo spennande saker, tenkte eg. Skal tru kva dei skriv om det.
|
Vinje-utstilling i høve 200 årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje,
han som fann namn til Jotunheimen. |
Og jau, det var spennande det vart! Brått lyste overskrifta: "Tre vise kvinner i Lom - litteraturen og hverdagen" mot meg. Det var herrane Knut Oterholm og Kjell Ivar Skjerdingstad på OsloMet som hadde gått viskvinnene ganske så grundig etter i saumane og skrive artikkelen. Ni sider var via bloggen vår med analysar av utforming, korleis vi skrudde innlegga våre og måten vi driv litteratur- (og bibliotek)fomidling på. Dette var naturleg nok særs interessant lesnad, og ein kjende formeleg ein sat og vaks bak skranken, faktisk så til dei grader at ein måtte justere stolen litt ned. Eg kan trygt (sidan dei to andre har ferie) på vegne av oss alle, takke og bukke for at vi har blitt trekt fram og for at bloggen vår har blitt granska på ein slik inngåande og framifrå måte. Vi ser på det som særs ærefullt, morosamt og litt skummelt. Blogginnlegga våre blir som regel til utpå dagen fredag, som regel i hui og hast med helga stundande til, og vi skal ikkje kavere for at alt som står der er like nøye gjennomtenkt heile tida. Men sjølv om vi ikkje alltid handlar med medvit og vilje, har vi hatt ynskje om at bibliotekbloggen skal ha eit personleg preg, just a little of that human touch. Vi vil at det skal vera triveleg og folk skal ha ei positiv oppleving når dei gjestar biblioteket, både det fysiske og det digitale rommet. Biblioteket er ein institusjon med bøker og menneske, eller bibliotekarar som dei også kallast, og det er bibliotekarane som skapar biblioteket i lag med gjestane. Som Scott Bonner på Ferguson Municipal Public Library skreiv på Twitter denne veka: Libraries are made of 1) librarians and 2) stuff. Eg kunne knapt vore meir einig og trur det er akkurat det bloggen vår speglar.
|
Vi driv samlingsutvikling og veler um. |
Artikkelen i
Litteratur- og kulturformidling. Nye analyser og perspektiver (2015) sette tankane i sving. Etter nokre runder med meg sjølv fann eg ut at bloggen måtte attende til kjeldene, til sitt sanne eg. Sjefen tok seg den fridom å endre tittelen til
Tre vise kvinner igjen med eit tillegg om viseguten, vår alles kjære BibliotekAre. Sidan han er den kule blant oss, må han pent finne seg i dette. Iblant må sjefar vise musklar, slik er det med den saka, og sjølv om att og fram er dobbelt så langt, så må det til iblant.
|
Det skal løne seg å skrive om bibliotekarar.
Det skal det. |
Elles kan vi melde om svært hyggeleg sommartrafikk på biblioteket. Folk av alle slag kjem innom. Vi kan slå i bordet med tsjekkiske bibliotekarar som er vande med teieplikt i biblioteka og mest ikkje tør opne nebben. Vi kan melde om sky, unge menn som søkjer bibliotekets ro og låner seg danningslitteratur og om tissetrengte spanjolar utan kontantar til offentleg toalett. Hordar av ungar kjem for å leite etter Sommerles-kodeord, låner og slukar heile seriar med mysteriebøker i ein jafs. Og bra er det! Kvantitet tel nemleg i beste slukealder. Dei nasjonale lånekorta fungerer som aldri før. Bøkene våre får seg lufteturar til Bergen, Nordfjord, ja, til og med heilt frå brynaste Jæren kjem dei for å låne seg ferielesnad i Lom. Er ikkje det makalaust awesome, så veit ikkje eg!
Etter dagens dont loggar sjefen av for eit par veker ferie. Ciao for now!
Rita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar