Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 4. september 2017

Diktardagen derpå

Diktardagar er over. Ikkje rakk vi å skrive dagbok fredag. Ikkje laurdag heller. Vi tek det som eit godt teikn på at det var mykje folk innom og at bibliotekarane var oppslukte av andre gjeremål. Kortversjonen kjem i dag. Fredag hadde vi tidenes tylegaste kaffislaberas med herrane Jens M. Johansson og Are Kalvø! Sjølv om kaffikokaren sprang til og frå, måtte karane nøye seg med halv kopp. Men dette var nok til å få kjeftamenta i gang, og dei og mine medsamansvorne bibliotekarar prata om ei bok dei lika, avslørte nattbordlektyren og delte historier frå røynda frå biblioteka på Stranda og Majorstua på åttitalet. Dette ga meirsmak. Spontane kaffislaberas med bokprat vil vi ha meir av. Tusen takk til dei trivelege karane som gjorde nasjonaldagen vår!
(Nasjonal bibliotekdag 1. september. Heis flagga!)

Ikkje heilt klårt bilde heller, men vi var einige om no filter needed.
Onsdag kveld var det skipingsmøte i Lom og Skjåk dialekt- og mållag her på biblioteket. Både det arrangørande interimstyret og vi på biblioteket var svært spente på kor mange som ville kome, og stor var gleda då nynorskfolk strøymde inn! Eit fullsett rom fekk først høyre Ragnhild Kolden fortelje om arbeidet med den siste boka si, Det gode vi ikkje gjer. Kolden fekk i helga tildelt Diktarprisen under festkvelden på årets Diktardagar for denne boka, som har hausta svært gode kritikkar. Underteikna overtok talarstolen etter Ragnhild, og fekk på ein halvtime smetta inn tips om heile 14 nynorske godbitar frå hyllene våre, før Marit Aakre Tennø frå Noregs Mållag informerte grundigare om mållagsarbeid. Ein artig kveld med overraskande mange frammøtte styrka trua på nynorsken i bygdene våre!

Stryet i det nyskipa laget: Julie Garmo, Ragnhild Kolden, Olav Bruheim Kvåle, Elin Husom Slålien og Kari Anne Skjaak. Styremedlem Beate Stø var ikkje til stades.


Sambloggarar: Rita og Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar