Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 25. august 2017

Mitt liv som eventbyrå

Rogn med meg, sa rogna.

Det var mykje eg ikkje visste da eg gjekk inn i mitt liv som bibliotekar. Hadde eg visst det, hadde eg vel aldri i livet tatt sjansen. Blant ting eg ikkje hadde sett for meg, var at eg til tider skulle føle meg meir som eventbyrå enn som bibliotekar. På veg over brua for å kjøpe dagens makrell i tomat, slo det meg at eigentleg burde eg hatt spesialkompetanse både innan web og design, marknadsføring, teambuilding og all kompetanse eit middels stort eventbyrå sit inne med. Det har eg så visst ikkje, og difor kjem stadig kjensla av at produktet berre blir så nokonlunde og knapt det, snikande, enda så mykje tid og krefter eg brukar på det.

I går var ein av desse dagane. Vi er midt i oppkøyringa til Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå. Informasjon om alle arrangement skal ut til folket. Heimesider skal oppdaterast, artiklar skrivast, bilete importerast, plakatar lagast, arrangement opprettast, arrangement delast på alle konti i alle sosiale medium, for så å oppdage når du endeleg har delt og skrive ut plakaten, at der var det visst ein feil, gitt, og der vart det visst ei endring, gitt, redigere, redigere, treigt nett, endringar ikkje lagra, redigere og så den pdf-feelingen som du svelger ned med ein screenshot, crop, paste and vekk med'n.

Bokprat og kringlemat  med desse karane 1. sept. kl. 13.00!
Men når plakatane er printa og du går der i augustsola med makrellboksen i hand under haustblå himmel og ser bygda har funne fram haustskruden og rogna bugnar seg under Lomseggen, så veit du at nå står det snart berre att å gle seg (og grue for om alt klaffar som skal klaffe), og sjølv om plakatar og layout og fontar og filer og alt kunne vore uendeleg mykje betre med profesjonelle eventbyrå, så er du uendeleg heldig i denne jobben med alt det morosame, gjevande og eventyrlege han byr på. Tenk berre på korleis vi skal feire Nasjonal bibliotekdag neste fredag! Det ligg an til tidenenes kaffislaberas med sjølvaste Jens M. Johansson og Are Kalvø! Vi byr på kaffi, kringle og bokprat, favorittbøker og avsløringar om nattbordslektyre, stinn brakke, vilt kaos og nok kringle til alle. 13.00 sharp! Spente og forventningsfulle bibliotekarar gler seg glugg!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar