Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. oktober 2014

Med nase for latter

Klovnen Knut har på ny kitla lattermusklane så til dei grader på den lomske hopen. Heile 140 (!) spente personar av ymse alder møtte opp for å høyre og sjå den raudnasa mannen, som har trylla seg inn og fast under huda på både små og store i bygda dei siste åra. Etter kvart som dei små veks opp, kjem det nye til, og publikumshopen berre veks og veks. Mødre med vaksne born fèr til grannegarden og raskar med seg ein og annan ungen for å ha eit påskot til å gå på barneframsyninga når Knut er i kjømda. Ein berre MÅ ta seg fri frå daglege plikter og gjeremål når denne klovnenasen kjem putrande oppover dalen!



Vi gler oss allereie stort til neste gong, og lyt vel be det lokale husflidslaget snarast gå i gang med masseproduksjon av golvsitjeputer -det blir nok kamp om stolane også ved framtidige besøk av den folkekjære klovnen... På gjensyn, Knut!



Trass i ein nydeleg haust, er ei mengd ungdomsbøker no gjennomlese og formidla til tenåringar i grannehuset. Fire forfattar med kvar si sterke bok har gjort inntrykk på både bibliotekar, elevar og lærarar den siste veka, og ei mengd fjernlån er bestilte for å gje ungdomane leseopplevinga snarast mogleg etter formidlinga. Vi er såleis ein solid gjeng som kan anbefale følgjande lesing til seine kveldar framover hausten:




Jenny Jägerfeld: Det er ikke så farlig med meg.
17 år gamle Maja bur saman med faren, og  går første året design og handverk på vidaregåande.  Helga etter at Maja ved eit uhell har saga av seg tuppen av tommeltotten i ein handverkstime, reiser ho på sitt faste helgebesøk til mora, som då viser seg å vera forsvunnen på uforklarleg vis. Ei groteskt nydeleg bok om eit alvorleg tema.





Barry Lyga: I hunt killers.
Jazz er son av ein massemordar som no sit innesperra på livstid. Etter ein vanskeleg barndom, der faren i årevis har "undervist" sonen i korleis ein går fram for å utføre det perfekte mordet, strevar no Jazz for å overtyde seg sjølv og omverda om at han sjølv er eit godt menneske. Då politiet i starten av boka finn ei myrda jente i grannelaget, involverer Jazz seg alt han kan for å bidra til å løyse mordgåta. Omstende rundt mordet leier Jazz inn på mistanken om at ein ny massemordar herjar området, og med det er ei intens jakt i gang. På same tid blir Jazz plåga av noko han er usikker på om er ein draum, eller om det er eit minne frå ei faktisk hending. Ei grufullt skummel og velskriven bok for herda sjeler!





Sofia Nordin: Ett sekund om gangen
15 år gamle Hedvig er den einaste overlevande etter at ein frykteleg febersjukdom har teke livet av alle menneska i rundt henne samfunnet. Straumnettet er sett ut av dift, gatene fløymer over av lik og bilvrak, alt ligg aude. Hedvig legg i veg bort frå all elenda, for om mogleg å finne ein måte å overleve på. Etter kvart kjem ho fram til ein gard, der ho buset seg, og lever m.a. av det dyra gjev henne. Ein dag finn ho imidlertid ferske fotspor utanfor glaset, og ho forstår at i det minste eitt menneske til må ha overlevd katastrofen... Ein prisløna svensk roman, som er den første boka i ein planlagd trilogi.




Erin Hunter: Tilbake til villmarken
Eit fyrverkeri av ein fantasyroman, der kattar spelar alle rollene. Huskatten og kosepusen Rødpus har ein trong til å dra ut i skogen på jakt etter mus, trass i at kompisen hans, Flekken, ikkje ser nokon grunn til å kimse av det gode livet med varme teppe og blautfòr. Ein dag Rødpus er i skogen på jakt, blir han overfallen av ein villkatt, og dei ender opp i eit hardt slagsmål. Det syner seg at Rødpus er tøff til å slåst, og han blir etter kvart teken opp som lærling i Tordenklanen i skogen, der dei ulike klanane kjemper mot kvarandre. Eit spennande eventyr og ei nydeleg kjærleikshistorie som fortener mange lesarar! Den første i serie.

Grip med deg ei ungdomsbok og nyt bokhausten!

Bloggar: Merete, ungt sinn i gammalt skinn.





1 kommentar:

  1. Såg i GD idag at på Lillehammer kom det ikkje ein einaste unge og såg på klovnen. Døkk slo døm ned i støvlane!!!

    SvarSlett