Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 7. oktober 2014

Kva gjer biblioteket for debutantane?

Kva gjer biblioteket for debutantane? I haust har vi tatt mål av oss eller vatn over hovudet, til å lesa alle norske debutromanar som kjem ut i 2014. I august fekk vi positivt svar på søknaden vår til Fritt Ord om tilskot til litteraturformidling i biblioteka. Vi deltek i prosjektet Roman/Samtid/Norge som Fritt ord har initiert for å stimulere til formidling av litteratur og styrke folkebiblioteka som formidlingsarena.

Vi har valt å konsentrere oss om debutantane i år, og på nyåret er planen å invitere med forfattarar og skipe til ein liten formidlingsturné. Kunne de tenkje dykk å få besøk av to bibliotekarar og ein forfattar som presenterer rykande fersk norsk litteratur, så følg med utover hausten. Vi går snart ut med tilbod til biblioteka.

I tillegg legg vi ut ei bok av ein debutant på heimesida kvar veke. Formidling det òg.


Elles: Om du er i Odda eller omegn i morgon slik i fire tida, kan du jo stikke innom biblioteket og få med deg bibliotekdebatten Kven vil vera venner med biblioteka? Så sant fjellet er ope og ferja står meg bi, skal eg delta.

Rita

1 kommentar:

  1. Jeg.tror det er viktig å stille ut de norske debutantene på nyhetshyllene. Av egen erfaring har jeg blitt nysgjerrig på dem nettopp fordi de sto så godt plassert på biblioteket. Dere kommer med et flott tiltak her, syns jeg.

    SvarSlett