Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 19. august 2014

Mjuke skrottar i startgropa!

SÅ godt gjorde sommaren! (...men det er uvisst om modellen
 på biletet klarar bøye seg lenge nok for ein munnfull...)




Dei  aldrande, vise skrottane er proppa med det mektigaste D-vitaminsjokket i historia, varmen har lindra og mjukna opp att nokre av dei slitne ledda i kollegiet, og skog og fjell bognar av fargesterke vitaminbomber for dei som framleis maktar bøye seg ned mot grunnen for nokre munnfullar. Dette teiknar bra for ein lang, hustreg vinter med lite dagsljos og mykje isskraping. 3 vise er klare for ny innsats!

Oppdrag oppført!
Det same gjeld saktens elevar og lærarar i lomske skular. I år fekk dei friarbrev frå biblioteket allereie dei første planleggjingsdagane, noko som skulle syne seg å vere særs effektivt! I går hadde vi første skuledag, og før dagen sukka ut hadde Lom folkebibliotek tidfesta følgjande:

8 (!) bokpratar fordelt på 5., 7., 8., 9. og 10. klassesteg
ein "Finne fram i biblioteket"-dag med 5. kl
ein informasjonstime med 8. kl
eit innlegg på foreldremøte i 7. kl
bestilling av 4 bokkasser
5 klassebesøk for boklån første skuleveka

I tillegg har grendeskulen ønskje om bokprat for alle klassesteg med det første, samt at det i dag tikka inn førespurnad om bibliotekbesøk på lesevake med 4. kl i løpet av september. Dette er nok ny rekord i booking av bibliotektenester så tidleg i skuleåret her i Lom, og vi hyllar lærarane for fantastisk innsats! Så vonar vi å gje noko attende i løpet av alle desse oppdraga, og at elevane vil dra nytte av det vi tilbyr.

Ved ein rask sjekk av almanakken ser vi også at Reidar Kjelsen kjem for å avslutte Sommar + Bok, at Barnehageteateret kjem med forestilling i september, Klovnen Knut poppar innom i oktober og at Bygdekvinnelaget i grannekommunen har hyra oss inn for å presentere nye bøker i november (og vi skal naturlegvis ha same opplegg i heimekommunen). I tillegg er Sjefa invitert til Ulvik for opning av Olav H. Haugesenteret i samband med Poesifestivalen, og ungdomsbibliotekaren har fått invitasjon til Vang i Valdres etter studiebesøket dei hadde her i vår. 

Så står det att å sjå, da, om det blir nye prosjektmiddel på oss dette året... Vi er jo sugne på enno litt til, når vi likevel er så godt i gang :-)

Ha ein strålande bok- og bærhaust alle saman!

Bombe!
Kattemjuk bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Eit lite reknestykke berre: Kor mange veker er det ti jul, kor mange dagar har biblioteket ope i veka, kor mange arbeider der. Dette trur eg er eit reknestykke med ein del x ar og y ar. Lykke til!

    SvarSlett
  2. Rekning var nok aldri vår greie i skuletida, og vart det heller aldri, så dette veit vi dessverre ganske lite om... Men vi veit at vi er tre tilsette attåt vaskehjelpa og vaktmeisteren, da :-) Tusen takk for lykkeønskingar!

    SvarSlett