Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. august 2014

Bibliotekvardag

I dag skal eg fortelja om ein fullstendig mislykka dag i ein bibliotekars liv. Eller plasser fullstendig mislykka der de vil. Ho stod opp før korkje den eine eller andre var i skræåm. Ho skulle på møte i hovudstaden og ta tidlegtoget frå Otta 05.45. Starten 04.30 var det ingenting å utsetja på. Ho hoppa i bilen. Her har ho forresten ei juicy pleasure å skyte inn. Ho likar det. Ho likar å hoppe i bilen og køyre kvarsomhelst tidleg ein måndags morgon utan tanke på regn og kuling med påfølgjande forkjølingar, blodsmak og forkrøpla leddkapslar. Bilen er ein dings ho set pris på. Iblant kan ein bruke dei meir salgbare argumenta at det er praktisk og eit naudsynt onde her i tilverets utkantar, men nå veit de det, ho er glad i den smule fridom eit innbygd ratt og ein gasspedal kan gje. Særleg slike tidlege morgonar nedover dalen i gråskyminga med Olav Duun i passasjersetet aukar livskvaliteteten proporsjonalt med klimagassutsleppa ho freistar fortrengje.

Nok om det.

Gudbrandsdalen fyrry folk er i skræåm.

Allereie på Otta kom fyrste buss for tog-varsel over høgtalaren. Men ho beit det i seg og skulle endeleg koma i gang med sitt store mål for dagen: Lesa ferdig boka ho heldt på med og kanskje også starte på neste! For i haust må effektiviteten sitja i høgsetet. Alle ledige stunder skal nyttast til lesing. Papirboka på nattbordet var lasta over i ipaden, og alt låg til rette. For vi har nemleg vore så heldige å få lovnad om prosjektmiddel frå Fritt ord, og her følgjer ein seriøs og informativ bolk om dette heilt utan selfiotekariske fakter:

Informativ bolk

I vår lyste Fritt ord ut prosjektmiddel  for å styrke biblioteka som formidlingsarena. Dei løyver i år 50.000 til 45 norske folkebibliotek som er øyremerkt formidling og diskusjon med utgangspunkt i norske samtidsromanar. Dette prosjektet er midt i prick for oss, og noko vi har ivra for lenge. Vi ynskjer å formidle mindre kjende bøker som biblioteket får gjennom innkjøpsordninga, bøker som vi meiner held høg litterær kvalitet ut i frå den funksjonen boka har. Folk som les for spenning, for å bli medrive og oppslukt, for feel good eller for språkleg glede, skal få gode tips om krim, fantasy eller Fosse. Vi ynskjer å spreie leseglede, og leseglede blir ikkje nødvendigvis framkalla av språklege eller "høgverdige" litterære årsaker. Men det finst kvalitetsskilnader innad i sjangrane, og vi vil gjerne halde fram dei gode alternativa til bestseljarane som nå dominerer i media, i bokhandlar og overalt meir enn nokon gong før. Vi ynskjer at biblioteka skal bli synlege og medrekna i det norske bokbransjen som den viktigaste formidlaren av litterært mangfald og ikkje-bestseljande litteratur. Vi meiner at dette er og blir ei hovudoppgåve for biblioteka framover, ei aktiv formidling av dei mindre kjende bøkene som held høg litterær kvalitet.

Seier ikkje dette seg sjølv? Nei, det gjer faktisk ikkje det. I føremålsparagrafen til biblioteka heiter det at biblioteka skal stille bøker og andre medium gratis til disposisjon. Fyrst 21. juni 2013 vart formuleringa endra til aktiv formidling. Biblioteka har vore ei boksamling der folk flest forventar å gå på eige hand i ro og mak og finne bøker som dei trur kan passe. Norske bibliotek står ikkje i ei særstilling her. Heller ikkje i amerikanske bibliotek forventar brukarane ei aktiv formidlingsteneste, skriv Joyce G. Saricks i boka
Readers´ advisory service in the public library (Saricks, 2005). Sjølv har eg gjort ein ministudie som konkluderer med at det er grunn til å setje spørjeteikn ved kvaliteten på formidlingstenestene ved norske folkebibliotek. (Den utfordrande formidlingssamtala, Bok og bibloiotek, 2012). Undersøkinga  tyder på at det i mange norske folkebibliotek ikkje er innarbeidd praksis for aktiv formidling.

Togtur
Kvifor er det ikkje slik? Som eg var inne på, er det jamt over ikkje noko bibliotebrukarane etterspør. Dei forventar ikkje at bibliotekarane går aktivt ut og pratar bøker til fritidslesnad ut av hyllene. Eit fåtal kjem til biblioteka med slike forventningar. Dersom biblioteka driv aktiv formidling, er det ofte utelukkande overfor ungar. I tillegg er aktiv formidling ressurskrevjande. Eg har ikkje tal å slå i bordet med, men alle som har følgt med i bibliotekbransjen siste åra, veit at biblioteka har fått stadig mindre ressursar. Mange filialar har blitt nedlagt, og budsjett og opningstider har blitt redusert. I mange norske kommunar er personalressursane på folkebiblioteket så små, at alt går med til å ha eit minimum av opningstid og orden i samlinga. Og her er den viktigaste grunnen til at få bibliotek driv ei utbygd og aktiv formidlingsteneste. Dei har ikkje ressursar til det. Etter mitt syn er personalressursar eit langt større problem i bibliotekbransjen enn kva biblioteka kan tilby av bøker og andre medium.

Stille til disposisjon. O, lykke!

Og her kjem eg attende til bibliotekaren og den fullstendig mislykka kvardag ho hadde i går. For skal vi drive aktiv formidling med våre ressursar, er vi heilt avhengige av å nytte fritida til førebuingar. Svært få mindre folkebibliotek har ressursar til å gje bibliotekarane tid til lesing og til jamnleg fagleg oppdatering i arbeidstida. Skal bibliotek bli ein sentral aktør på formidlingssida i norsk bokbransje, må biblioteka fyrst og fremst ha personalressursar til dette. Lesetid burde bli ein naturleg del av ein bibliotekkvardag. Det er urealistisk at lesetid skal utgjera ein stor del av kvardagen, men eit minimum bør avsetjast til dette. Formidling i folkebiblioteka bør ikkje vera einsidig basert på kallstanken, sjølv om den tanken kan vera god å ha i botnen. For vår del har vi 12 bokpresentasjonar for barne- og ungdomsskulen på programmet i haust. I tillegg har vi tenkt å nytte prosjektmidla vi har fått frå Fritt ord til å selja oss sjølve og skipe til turné der vi reiser rundt og presenterer norske samtidsromanar. Det betyr at bøker i hopetal må lesast. Det betyr effektivitet og sjølvdisiplin. Det betyr at knappe 50 sider i døgnet er fallitt. Det betyr at ein ikkje kan ta seg råd til togturar der ein sit og kopar på sosiale medium, glåmer ut glaset og ser på tida som rasar forbi medan ein held seg fast i kaffikruset i NSB Stille. Det betyr skjerpings, madam!

Rita

1 kommentar:

  1. Godt og særs viktig innlegg, Rita! Og hurra for jobben de klarer å gjere!

    SvarSlett