Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 7. mars 2013

Fear in a librarian's heart - om formidlingssamtala i norske folkebibliotek



I går var eg så heldig å vera invitert til Hamar og Bibliotekdagene i Hedmark 2013 for å halde foredrag om formidlingssamtala i norske folkebibliotek. Foredraget byggjer på oppgåva eg skreiv  på Høgskolen i Oslo våren 2011. Etter oppfordring deler eg ho her.


Litteraturformidling ved Høgskolen i Oslo
våren 2011
Mappeoppgåve 3: Litteraturbruk og politikk
av
Rita Mundal

“Fear in a librarian’s heart”
- om formidlingssamtala i norske folkebibliotek

“Can you “recommend” a good book?” Does any other question strike such fear in a librarian´s heart as this?” Dette spørsmålet tek Joyce G. Saricks opp til drøfting i boka Readers´ advisory service in the public library (Saricks 2005 s. 98). I denne artikkelen skal eg sjå nærare på formidlingssamtala. Dette er ei samtale om bøker som går føre seg mellom lesaren og formidlaren. Gjennom denne samtala skal formidlaren finne ut kva bøker som kan appellerer til lesaren. Ut i frå dei opplysningane som kjem fram i samtala, skal formidlaren koma med forslag til bøker som kan passe for lesaren. Formidlingssamtala er ein del av den totale litteraturformidlinga som skjer i biblioteka. Eg har tatt for meg kva som ligg i begrepet litteraturformidling og sett på formidlingsmandatet som er pålagt biblioteka. Eg har også sett på korleis formidlingssamtala vert utført i praksis og har besøkt fire bibliotek for å sjå korleis dei løyste denne formidlingsoppgåva. Til slutt har eg evaluert samtalene og reflektert rundt litteraturformidlinga i norske folkebibliotek.

Visjon
Når eg kjem inn på vinmonopolet, vil eg gjerne få anbefalt ein god vin. Eg har gjerne lyst til å prøve nye vinar. Iblant vil eg ha vin frå same land, same område, eller av same vindrue som eg har prøvd før. Iblant er det maten eg skal eta til som bestemmer, iblant er det veret eller humøret. Eg vil gjerne at beteninga skal kunne anbefale dei rette vinane utifrå dei ynskja eg formidlar. I forhold til å kjøpe vin i ein daglegvarebutikk eller bensinstasjon, set eg pris på fagkunnskapen ein møter i mange av dei norske vinmonopola. Eg meiner at situasjonen er overførbar til bibliotekverda. Biblioteka bør vera ein stad der det er naturleg å prate om bøker, ein stad du kan gå for å få forslag om bøker som passar til ver og humør, bøker som liknar på andre bøker du har likt, bøker med same tema eller tone. Biblioteka bør vera ein stad det er naturleg å gå for å få kunnig rettleiing i å finne eigna bøker også til fritidslesnad ut i frå dei ynskja lånaren uttrykkjer. Litteraturformidling bør vera ein naturleg del av kvardagen for ein bibliotekar.

Kva er litteraturformidling?
I artikkelen ”Litteraturformidling og dannelse” (Smidt 2009) reflekterer Jofrid Karner Smidt rundt begrepet litteraturformidling. Ein viktig del av formidlinga, er å gjera noko fysisk tilgjengeleg for andre. Eit bibliotek kan seiast å vera litteraturformidling i seg sjølv, sidan det stiller bøker og lydbøker til disposisjon for brukarane. Men formidling er også å gjera noko mentalt tilgjengeleg for andre t.d. gjennom utstillingar, nettsider, forfattarbesøk og bokprat overfor grupper eller einskildindivid. Formidlinga har ei praktisk side som går ut på å meistre handverket. Ein kan lære seg teknikkar for litteraturformidling på nett, for å lage utstillingar og for munnleg litteraturformidling. Men til grunn for alt dette ligg ei haldning. Smidt uttrykkjer det slik: ”Litteraturformidling er - før alt dette - en holdning, en åpen, spørrende og våkent kritisk holdning” (Smidt 2009 s. 59) og ”Å være formidler er å være interessert i en annen erfaring, enten den er uttrykt i litteraturen, eller hos de personene som kommer til biblioteket […] Du kan kalle det en form for trygg ydmykhet.” (Smidt, 2009, s. 59)

Formidlingsmandatet
Åse Kristine Tveit har sett på korleis litteraturformidling er omtalt i paragrafer og planar for folkebiblioteka (Tveit, 2004). I folkebiblioteka er arbeidet med formidling lovpålagt. Ho syner til proposisjonen Lov om folkebibliotek som slår fast at folkebiblioteka har eit særskilt ansvar for å ”utbre kjennskap til så vel norsk som utenlandsk fag- og skjønnlitteratur” (Tveit 2004 s. 31). Formidling er ikkje definert, men ein må gå ut frå at ”utbre kjennskap til” inngår i formidlingsbegrepet. Sjølve lovteksta seier at ”Virksomheten skal være utadrettet og tilbudene skal gjøres kjent” (Bibliotekloven 1985). Lova slår fast at biblioteka skal stille bøker til disposisjon, drive ei utadretta verksemd og gjera tilboda kjende. Ut i frå dette bør litteraturformidling vera ei høgt prioritert oppgåve i folkebiblioteka. Tveit syner vidare til stortingsmeldinga Kjelder til kunnskap og oppleving frå 1999 som seier det så sterkt som at formidling representerer det endelege målet for all verksemd i arkiv, bibliotek og museum. Meldinga slår fast at litteratur- og kulturformidling er ei av hovudoppgåvene for folkebiblioteka. Bibliotekreform 2014 gjer også formidlingsmandatet klart: ”Folkebibliotekene må fortsatt ha litteraturformidling og lesestimulering som hovedområde for barn og voksne” (Bibliotekreform 2014, 2006, s. 19). Litteraturformidling er ein av strategiane for å nå måla som gjeld innhald og tenester i biblioteka:
1.5 Videreutvikle kultur- og litteraturformidlingen i bibliotekene: Bibliotekene skal bidra til leselyst og leseferdigheter gjennom aktiv litteraturformidling. Å setja i verk eit program for litteraturformidling er eit av tiltaka som er nemnt for å nå målet: ”Litteraturformidling er en av folkebibliotekenes sentrale oppgaver. For å styrke formidlingen skal det iverksettes et eget program for litteraturformidling”. Det er også skissert at det skal satsast på utvikling og drift av nettbaserte formidlingstenester for å synleggjera mangfaldet og breidda av litteratur. Dette programmet skulle vore ferdig i 2008, men tre år seinare er enda ikkje dette programmet lansert. Stortingsmelding 48 Kulturpolitikk fram mot 2014 stadfestar at folkebiblioteka har allmenn litteratur- og informasjonsformidling som hovudoppgåve. Meldinga seier også at det må vurderast korleis folkebiblioteket kan utviklast som formidlingsarena.
I vår digitale tid der det meste er tilgjengeleg på nettet, der e-bøker tek over for bøker i papirform, er det på sin plass å tenkje på biblioteka sin funksjon i nåtid og framtid. Som i dømet over med vinmonopolet, trur eg også biblioteka må fokusere på kvalitet i formidlinga. Vi bør vektleggje god kunnskap om produkta våre, altså om bøker og andre medium vi stiller til disposisjon, og søkje å utvikle formidlingskompetansa vår. Tveit uttrykkjer det slik: ”Litteraturformidlerens rolle omfatter både faglige kunnskaper om litteraturen som tilbys, og en evne til å artikulere denne kunnskapen i en form som er tilpasset den enkelte leser eller gruppa av lesere en står overfor, på en slik måte at det skapes leselyst” (Tveit 2004). Dersom lånarane blir vande til å ta del i gode formidlingssamtaler på biblioteka, blir dette ein grunn til å oppsøkje biblioteka fysisk.

Formidlingssamtala
Eg har tatt utgangspunkt i boka Readers’ advisory service in the public libraray for å sjå nærare på formidlingssamtala. I boka brukar Saricks omgrepet ”readers’ advisory interview”. Ho definerer det slik:
The readers’ advisory interview is actually a conversation between the advisor and the reader about books. A readers’ advisor will certainly use all the same communication skills involved in reference interviewing to get readers to describe their reading tastes and what they are in the mood to read at the time. Yet, unlike a reference interview, this is not primarily a question-and-answer exchange; it is a conversation, with readers telling the readers´advisor about books and their leasure-reading tastes and the readers’ advisor listening and suggestion possible titles.
(Saricks 2005 s. 75). Formidlingssamtala er altså ei samtale mellom formidlaren som i dei fleste tilfella er bibliotekaren eller den bibliotektilsette, og lesaren om bøker. Formidlaren prøver å få lesaren til å beskrive sin litterære smak og kva han eller ho føler for å lesa der og da. Til forskjell frå referanseintervjuet som er basert på at formidlaren spør og lesaren svarar, ber dette meir preg av å vera ei samtale der lesarane fortel formidlaren om kva type bøker dei likar å lesa. Formidlaren lyttar og foreslår aktuelle titlar ut i frå dei opplysningane som vert gjeve.
Eg kan ikkje finne at det er etablert eit gjeldande begrep på norsk som dekkjer termen readers’ advisory interview. På studiet i Litteraturformidling ved Høgskolen i Oslo 2011, har vi brukt begrepa ”formidlingsintervju”, ”inspirasjonsintervju” eller ”formidlingssamtale”. Eg vel å halde meg til ordet ”formidlingssamtale”. Formidling er eit etablert begrep i bibliotekverda både i rammeverket og i verksemda. Saricks understrekar at dialogen ber meir preg av å vera ei samtale enn eit intervju. Når det gjeld begrepet inspirasjonsintervju meiner eg at noko av dimensjonen ved to-vegs nytten av samtala blir borte. Når ein brukar termen inspirasjon, er det først og fremst lånaren som sit att med ein gevinst etter at samtala er avslutta. Saricks legg vekt på den gjensidige nytteverdien av formidlingssamtala. Formidlaren får trening i å prate om bøker ut i frå appell-elementa som eg kjem attende til, og ho får nyttig informasjon frå lånaren om bøker og litterær smak som ho kan få nytte av seinare.
Saricks held fram at det er eit mål å gjera lesarane bevisste på at denne tenesta eksisterer, at det er legitimt og ein naturleg del av verksemda i biblioteket å dele og be om å få boktips. Ho presiserer skilnaden mellom å foreslå og å anbefale bøker. Overfor venner kan vi anbefale bøker som vi vil at dei skal lese slik at vi kan diskutere bøkene med dei etterpå. Overfor lånarane samtalar vi med dei om bøker som dei kanskje kan like og kjem med forslag om nokre bøker som kan passe for dei basert på deira litterære smak, interesser og humør. På denne måten kjem eigne preferansar i bakgrunnen og lånaren sin litterære smak vert sett i fokus. Saricks anbefaler at formidlaren foreslår nokre titlar slik at lånaren får nokre å velja i. Det er mindre skremande for formidlaren å samtale med lånarane om bøker og utifrå dette foreslå nokre titlar ho trur dei kan like, enn å anbefale berre ei eller to bøker. For lånarane er det lettare å koma med attendemeldingar, særleg dei negative når dei føler dei har vore med og valt bøkene sjølve. Formidling basert på forslag gjev lånarane større valfridom enn formidling basert på anbefalingar. Dei står friare til å velje å ikkje lesa boka og til å mislike ho.
Saricks anbefaler å unngå uttrykket ”velskrive” når vi pratar om kvaliteten ved ei bok. Eg vil også ta med uttrykket ”god”. Alle har sine eigne favorittbøker som dei ser på som velskrivne eller gode, og dette vil variere frå lesar til lesar. Istaden for å bruke desse begrepa er det meir informativt å prate om korleis forfattaren brukar språket eller om det spesifikke ved boka. Er det bøker som har vunne prisar eller er favorittar blant kritikarane, kan ein heller gje slike opplysningar istaden for å omtale bøker som ”gode” eller ”velskrivne”.
Kort oppsummert er formidlingssamtala ei samtale mellom formidlar og lesar om bøker. Målet med samtala er å avdekkje lesaren sin litterære smak og kva type bøker han føler for å lesa på det tidspunktet samtala foregår. Formidlaren lyttar og kjem med forslag til aktuelle titlar basert på opplysningane lesaren har gjeve. Formidlinga skal ha fokus på lesaren slik at det er lesaren sine opplysningar som skal avgjera kva bøker som blir foreslått. Formidlaren bør foreslå meir enn 1 – 2 bøker og unngå uttrykk som ”god” og ”velskrive” for å beskrive kvaliteten ved bøkene. Formidlinga er vellykka når lesaren får som vane å samtale om bøker på biblioteket, og dette blir ein pågåande dialog mellom lesar og formidlar.

Korleis tenkje på og samtale om bøker?
I sin readers’ advisory-praksis legg Saricks vekt på appell-elementa ved bøker i formidlingssamtala. Når formidlaren les bøker eller utdrag frå bøker, skal han tenkje på kva som kan appellere til lesaren og søkje etter å finne den beste eigenskapen ved boka. Saricks deler appell-elementa inn i fire grupper: Tempo, personskildring, handling og ramme for forteljinga.
Tempo: Bøker kan ha ulike typer tempo eller driv. Personar og handling kan avdekkjast fort eller sakte. Det kan vera ei eller fleire handlingsrekkjer. Det kan vera mykje action eller meir skildringar av personar og miljø. Dialogar, korte setningar, korte avsnitt og korte kapittel, aukar tempoet i ei bok. Bøker der historien utfaldar seg langsamt og har fleire lag, kan ha eit lågare tempo, men like fullt ha driv. For formidlaren er det viktig å avgjera kva som skapar drivet eller spenninga i boka og formidle dette til lesaren.
Personskildring: Korleis er personskildringa i boka? Blir personane presentert med det same som stereotypar eller utviklar dei seg gradvis gjennom boka? Er dei lette å identifisere og kjenne seg att i? Er det fokus på ein hovudperson eller er det samspelet mellom fleire som er i fokus? Kven har synsvinkelen? Er personskildringa det viktigaste i boka?
Type handling: Kva type handling er det i boka? Er det personar eller hendingar som blir vektlagt? Er forteljinga prega av ytre handling og action eller er handlinga meir på det indre planet med eit psykologisk perspektiv. Foregår handlinga på fleire plan? Ut i får desse spørsmåla kan ein seie noko om kva type handling det er i boka. Ytre handling og action vil appellere til ein del lesarar, medan andre likar betre ei psykologisk tilnærming.
Miljø/stemning: Kva atmosfære er det som rår i boka? Korleis er tonen? Kva inntrykk eller kjensle gjev boka? Er ho romantisk, spenningsfylt, ekkel, feel-good, magisk eller humoristisk? Er miljøskildringar detaljerte eller minimale. Påverkar dette tonen? Utspelar historien seg på eit spesielt bakteppe? Skapar forfattaren eit eige univers eller kunne historien foregått kvar som helst? Ut i frå desse spørsmåla vil ein kunne finne element i bøkene som appellerer til lånarane sin litterære smak. Saricks har utarbeidd ordliste over appell-elementa. Eg har omsett ein del av dei til norsk og lagt dei ved.
Etter å ha funne dei viktigaste appell-elementa i boka, kan ein prøve å gruppere ho saman med andre titlar og forfattarar som har liknande appell. Tredje trinn i formidlingspraksisen som Saricks skisserer, er å gruppere bøker innan ein sjanger. Her kan det vera lettare å fastslå kva for forfattarar innan same sjanger som ikkje liknar kvarandre i skrivemåten, t.d. er skilnaden stor mellom Dark tower-serien til Stephen King og Harry Potter. Ein kan også avdekkje bøker med same appell-element på tvers av sjangrar. Det å grupper bøker og uttrykkje kva som gjer bøker like, er vanskeleg og krev mykje øving. Men med trening kan ein klare å avsløre appell-elementa ved berre å lesa omtaler av bøker.

Suksessfaktorar i formidlingssamtala
Det er store likskapar mellom referanseintervjuet og formidlingssamtala, og mange av suksessfaktorane er samanfallande. Det er viktig å sette tonen med eit imøtekomande kroppsspråk, sjå brukaren og vise at du er tilgjengeleg med smil og augekontakt. Dette gjer brukaren komfortabel og det blir lettare å ta kontakt. Neste steg på vegen er å få informasjon frå brukaren og oppmuntre han til å beskrive bøker han likar. Døme på spørsmål kan vera: Likar du mykje action? Likar du å bli godt kjent med karakterane? Føler du for å lesa same type bøker nå eller har du lyst til å prøve noko anna? Målet er å få fram kva det er i bøkene som appellerer til lesaren.
Etter at formidlaren har fått nok informasjon frå lesaren, skal han koma med forslag til nye bøker. Her foreslår Saricks å prate om bøker ut i frå appell-elementa med utgangspunkt i preferansane lesaren har gjeve uttrykk for i samtala. Ho rår formidlaren til å foreslå fleire bøker slik at lesaren kan velja. Her vil den faglege kunnskapen om litteratur hos formidlaren og evna til å uttrykkje fagkunnskapen i eit forståeleg og truverdig språk for lesaren, vera avgjerande suksessfaktorar. Siste fase i samtala er oppfølgingsspørsmål, om bøkene verkar interessante, om lånaren har nok å velja i og oppmuntre han til å koma attende for å koma med reaksjonar på bøkene og for å få nye forslag.
Suksessen i formidlingssamtala ligg ikkje først og fremst i at lesaren tek med seg og les bøkene han får foreslått. Formidlingstenesta er vellykka når lesaren oppfattar biblioteket som ein plass der det er naturleg å utveksle erfaringar om litteratur, der han kan få forslag til bøker og tilgang til ressursar for å finne fram til passande bøker, der han blir oppmuntra til å koma attende og dele reaksjonane på bøkene han har fått foreslått, og når det å dele boktips på biblioteket har blitt ein innarbeidd vane for lesaren og formidlaren.

Formidlingssamtala i praksis
Eg har reist rundt på 4 folkebibliotek for å sjå korleis formidlingssamtala fungerer i praksis. Dette var nye bibliotek for meg der personalet ikkje kjende meg og ikkje visste at eg var bibliotekar. Eg ville framstå som ein ”nøytral” lånar. Biblioteka ligg i 2 ulike fylke på Vestlandet. Eg hadde på førehand valt ut tre opplysningar eg ville gje dersom det kom spørsmål om kva bøker eg likte, Utrenskning av Sofi Oksanen, Hvit tiger av Aravind Adiga og eg ville oppgje at eg likte Knausgård. Her var det ein norsk, ein finsk og ein indisk forfattar som skulle gje formidlaren eit utgangspunkt for samtala, og med det større valfridom til å foreslå bøker enn om eg berre hadde nemnt ein tittel. Bøkene er frå ulike delar av verda og sjølvsagt veldig forskjellige, men tankane og skildringane av personane sitt indre liv er viktig i alle bøkene. I Hvit tiger og i Utrenskning var det å få innsyn i framande kulturar noko eg sette pris på. Dei er skrivne av språkleg bevisste forfattarar, dei er kritikarroste og har vunne litterære prisar. Eg tenkte ikkje over dette da eg valde dei ut, og det var ikkje eit poeng frå mi side, men sett ut i frå formidlaren sin ståstad, har dette noko å seie for kva bøker det blir naturlege å foreslå i formidlingssamtala.

Bibliotek 1:
Bibliotek 1 ligg i ei kommune med nær 7.000 innbyggjarar. Det var romsleg og relativt moderne med 3 opening-the-book utstillingshyller for nye og nyleg innleverte bøker i inngangspartiet. 1 person var på jobb da eg besøkte biblioteket. Bibliotekaren var opptatt med ein annan lånar da eg kom inn. Eg nytta ventetida til å gå rundt og sjå meg litt om. Etter om lag 10 minutt stilte eg meg opp framfor skranka og bibliotekaren lurte på om eg ville ha hjelp.
Bibliotekar: Treng du hjelp?
Lånar: Ja, eg lurte på om du kunne anbefale ei bok til meg?
Bibliotekar: Det kjem nå så an på kva du likar det, da (litt latter).
Lånar: Dei siste bøkene eg las som eg likte var Utrenskning av Sofi Oksanen, Hvit tiger av Aravind Adiga og så likar eg Knausgård.
Bibliotekar reiser seg og går til utstillingshyllene medan ho pratar om at ho også likar Knausgård. Ho unnskylder seg med at bibliotekaren som les alle Kulturfondbøkene har fri. Ho peikar på Lakunen som står utstilt og seier at ein del likar denne. Spør om eg har lese Paasilinna.
Lånar: Ja, og eg likar humoren hans.
Bibliotekaren går att og fram mellom utstillingsreolane, går bak skranka att og begynner å bla i ein perm (eg ser at det er lister med kulturfondbøker). Etter eit par tre minutt med blaing, ringjer ho bibliotekar 2 som har fri. Ho tek ikkje telefonen. Blar vidare og finn En dåre fri som ho foreslår for meg. Men boka er utlånt. Bibliotekar 2 ringjer opp att. Bibliotekar 1 spør om ho har lese noko bra i det siste, kulturfondbøker eller noko. Bibliotekar 2 foreslår Nesten til stede. Bibliotekar 1 avsluttar samtala med å fortelja at ein lånar har spurt etter ei god bok og at lånaren likar Oksanen. Dei blir einige på telefonen om at da vil Nesten til stede passe bra. Bibliotekar 1 seier det same til meg etter at telefonsamtala er avslutta. Ho seier at boka er velskrive. Eg takkar og låner boka.

Bibliotek 2
Bibliotek 2 ligg i ei kommune med nær 6.000 innbyggjarar. Utlånet ligg litt under snittet for resten av fylket. Biblioteket er nytt med lyse og luftige lokal og moderne innreiing. I inngangspartiet var det 2 opening-the-book utstillingshyller og fleire sitteplassar. I skranka sat det 1 bibliotekar, ingen kundar venta på hjelp, men det var fleire menneske i lokalet både i aviskroken og rundt om i biblioteket. Bibliotekaren var opptatt med å bla i ein bunke kartotekkort som stod i ein liten haldar på skranka. Ho såg ikkje opp da eg kom inn. Eg rusla rundt og såg meg om litt før eg stilte meg opp framfor skranka. Etter ei stund til med blaing, såg ho opp og tok kontakt.
Bibliotekar: Lurar du på noko?
Lånar: Eg lurte på om du kunne anbefale ei bok til meg.
Bibliotekar: Ja, da spørs det kva du likar da (høyrde eg eit sukk?)
Lånar: Dei siste eg las som eg likte var Oksanen: Utrenskning, Adiga: Hvit tiger og eg likar Knausgård.
Bibliotekar reiser seg og går bort til utstillingshyllene.
Bibliotekar: Likar du krim?
Lånar: Ja, krim er ok i blant, men eg kunne tenkt meg noko anna nå.
Bibliotekar: Mange likar Egeland (held opp ei av spenningsbøkene hans).
Bibliotekaren går bort til bokreolane, finn to utstilte bøker, Adjutanten og Mengele zoo, gjev dei til lånaren.
Bibliotekar: Dette er bra bøker da.
Bibliotekaren går bort til skrankeområdet att og syner lånaren merkinga i ryggen på bøkene, forklarer at krim er merka med pistol, historiske romanar med eit anna merke. (Lånar får inntrykk av at ho bør låne krim og at ho bør finne fram til han sjølv.)
Bibliotekar: Eg har ei liste frå presentasjonen av Kulturfondbøker som vi var med på. Eg kan sjå om eg finn ho (leitar på kontoret, finn ikkje lista, attende til skranka, ser Pinnsvinets eleganse står utstilt).
Bibliotekar: Pinnsvinets eleganse skal vera bra. Kanskje du vil prøve ho?
Lånar: Ho har eg lese før og eg likte ho.
Bibliotekaren finn lista, men det er lista til ein kollega så ho kjenner ikkje så godt til notata som står der. Ho gjev meg lista og vil at eg skal sjå på kommentarane sjølv. Der står det positive kommentarar bak dei beste titlane. På si eiga liste hadde ho sett stjerne ved dei beste bøkene, men det hadde ikkje bibliotekaren som hadde denne lista gjort. Bibliotekaren dvelar ved krimbøkene som står på lista også. Eg slår fortsatt ikkje til på krimforslaga. Vi kjem til siste side. Eg vel De ukuelige optimisters klubb. Ved denne tittelen stod det ”Anbefales!” på lista.

Bibliotek 3
Bibliotek 3 ligg i ei kommune med mellom 8.000 og 9.000 innbyggjarar. Utlån pr innbyggjar ligg litt under snittet i fylket. Lokala er små og trange med bokreolar tett i tett. Hyllene er fulle og biblioteket ber eit litt umoderne preg. På skranka står det ein del bøker utstilt i ei hylle for hurtigval. Det er ein bibliotekar på arbeid. Ho er oppteken med å betjene ein lånar. Det er også fleire andre lånarar i lokalet. Eg registrerer at ho finn ein god del bøker til lånaren før meg og at ho gjer eit grundig referanseintervju. Når bibliotekaren har avslutta denne arbeidsoppgåva stiller eg meg framfor skranka. Bibliotekaren ser opp med eit smil og lurer på om eg treng hjelp.
Lånar: Eg lurer på om du kan anbefale ei god bok til meg.
Bibliotekar: Kva type bøker likar du?
Lånar: Dei siste eg las og likte var Oksanen: Utrenskning, Adiga: Hvit tiger og så likar eg Knausgård.
Bibliotekar: (går framom skranka til utstillingshylla.) Da vil eg anbefale Anna Svärd: Til siste åndedrag og denne, Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai. Dette er ei lun og god forteljing. Den av Anna Svärd er meir seriøs. Ho skriv godt og eg trur ho vil passe viss du likar Oksanen og Knausgård. Det er slike bøker eg likar sjølv. Det er fint å lese litt anna enn dei mest omtala bøkene også. Lånar takkar for tipset.

Bibliotek 4
Bibliotek 4 ligg i ei kommune med litt over 10.000 innbyggjarar. Utlån pr innbyggjar ligg litt over snittet i fylket. Biblioteket hadde luftige og lokala verka relativt nye med god plass i skrankeområdet. Her var det 3 bibliotekarar innafor skranka. Eg såg ingen andre lånarar. Ingen av bibliotekarane tok initiativ til å ta kontakt. Dei var opptatt med ei samtale bak skranka. I skrankeområdet var det 2 utstillingskarusellar fulle med bøker som låg delvis over kvarandre. Eg rusla rundt litt, prøvde å få blikkontakt med personalet, men måtte til slutt gå og stille meg rett framfor skranka etter at dei hadde avslutta konversasjonen. Ingen av dei tok kontakt så eg spurde til slutt om ei av dei kunne hjelpe meg å finne ei god bok.
Bibliotekar: Ja, det spørs nå så på kva du likar, da (sukk?)
Lånar: Dei siste bøkene eg har lese som eg har likt er Oksanen: Utrenskning, Adiga: Hvit tiger og Knausgård.
Bibliotekar: Ja, har du lese alle 6 i denne…(tenkjepause)
Lånar: Min kamp-bøkene, meinar du? Eg har lese dei 5 som har kome, ja. Den sjette kjem i haust.
Bibliotekar: Å, ja.
Bibliotekaren går til utstillingsstativa og går rundt dei.
Biblitekar: Kva heiter den boka av Linda Olsson igjen da?
Lånar: Er det den om ho som veks opp med ein alkoholisert far?
Bibliotekar: Nei…
Lånar: Å nei, det er den med dei to damene som bur på den svenske landsbygda… La meg synge deg stille sanger. Ja, ho har eg lese og likte ho godt!
Bibliotekar: Kanskje du vil prøvde denne da? Held opp den nyaste Linda Olsson.
Lånar: Eg har høyrt at denne ikkje er like bra og har lyst til å prøve ein ny forfattar.
Bibliotekar: Var det denne du tenkte på? Held opp Meg eier ingen.
Lånar: Ja, det var det.
Bibliotekar: Har du lese han derre Paa…
Lånar: Paasilinna meiner du?
Bibliotekar: Ja, Pasiliinna var det, ja.
Lånar: Ja, eg har lese dei og likar humoren, men vil gjerne lesa ein ny forfattar.
Bibliotekar: Ja, vi har jo fleire av Oksanen (går mot hylla)
Lånar: Ja, men eg ville gjerne prøve ein ny forfattar.
Bibliotekaren går litt rådvill fram og attende.
Lånar: Eg ser de har Grimsrud inne. Eg trur eg prøver ho.

Refleksjonar kring formidlingssamtalene i dei fire biblioteka
Ein skulle kanskje vente at formidlingssamtala representerer noko av kjerneverksemda i biblioteka, at denne samtala er ein innarbeidd og bevisst del av litteraturformidlinga, men Saricks hevdar: ”Most patrons do not expect to find a readers’ advisory service in the library…For the most part, readers’ advisory interviews do not just happen.” (Saricks 2005 s. 86). Mange lånarar vil ikkje bry bibliotekarane med å be dei om hjelp til å finne fram til ei passande skjønnlitterær bok. Saricks viser til studium som syner at lånarane er redde for at spørsmål som gjeld skjønnlitteratur kan bli oppfatta som ”fjollete” eller som ”bortkasta tid” av bibliotekarane. (Saricks 2005 s. 86). 
Saricks har erfaringa si frå folkebibliotek i USA, men mykje talar for at dette er overførbart til norske forhold. Sjølv om ein kunne vente både ut i frå mandat og ut i frå at bøker og litteratur er det viktigaste produktet i biblioteka, må ein ta med denne dimensjonen i evalueringa som følgjer. Formidlingsintervjuet har ikkje hatt stor merksemd i det norske bibliotekmiljøet. Det har ikkje vore sett fokus på denne delen av formidlingspraksisen. Eg har til dømes ikkje funne formidlingssamtala eller formidlingsintervjuet omtalt i norske bøker eller artiklar. Som Saricks hevdar er det mange lånarar som vegrar seg for å be om forslag til skjønnlitterære bøker dei kan lesa. Det er ikkje ein innarbeidd del del av åtferda blant lånarane. Med dette som bakteppe, kan ein kanskje ikkje vente at biblioteka har ein bevisst og velfungerande praksis for å handtere slike førespurnader.
Inntrykket eg sit att med etter formidlingssamtalene som fann stad på dei fire biblioteka, stemmer overeins med det biletet Saricks teiknar. Det verka ikkje som om biblioteka hadde ein bevisst og innarbeidd strategi for formidlingssamtalene. På eit av biblioteka ringde t.d. bibliotekaren til ein kollega for å få hjelp, på eit anna leitte bibliotekaren etter lister med bokanbefalingar. I tre av fire bibliotek fekk eg inntrykk av at førespurnaden om bokforslag var ubehageleg og vekte nettopp ”fear in the librarian’s heart”. Eg fekk ikkje inntrykk av at nokon av biblioteka gjekk aktivt gå ut og tilbaud denne formidlingstenesta.
Eg var mest tilfreds med formidlingssamtala på bibliotek 3. Her hadde bibliotekaren det travelt, men tok kontakt når ho vart ledig. Ho smilte og spurte om ho kunne hjelpe meg. Ho verka som om ho hadde oversyn over bøkene som var utstilte i biblioteket, og fann raskt fram til dei bøkene ho foreslo. Forslaga verka ikkje tilfeldige. Sjølv om ho ikkje sa så mykje, verka ho truverdig i anbefalingane. Ho ga inntrykk av å ha god kjennskap til bøkene. Ho var også den einaste som var inne på eit par av appell-elementa ved bøkene. Ho brukte ”lun” og ”seriøs” for å omtale bøkene, og ho meinte at dei ville passe til min litterære smak. Ho verka til å ha kjennskap til dei bøkene eg likte og brukte dette som utgangspunkt for forslaga, noko ho også ga uttrykk for. Dette kunne vera flaks sidan det var same type bøker som ho likte sjølv. Uansett var denne formidlingssamtala den eg som fungerte best, og eg gjekk ut att med lyst til å lesa boka eg hadde lånt.
I bibliotek 2 og 4 var mottakinga direkte lite imøtekommande. Bibliotekarane såg ikkje opp på lånaren som kom inn i biblioteket. Dei var opptekne med andre oppgåver. Eg følte at eg nærast demonstrativt måtte stille meg opp framfor skranka for å bli sett. Mottakinga oppmuntra ikkje til å ta kontakt for å få bokforslag. Eg følte at eg var til bry, at det var eit ork å finne bøker som kunne passe, og at dei hadde viktigare saker å ta seg av sjølv om det ikkje var andre brukarar som venta på hjelp. I bibliotek 2 fekk eg kjensla av at det å finne ei passande bok, var noko eg burde klare sjølv. Bibliotekaren synte meg merkinga i ryggen på bøkene. Eg fekk inntrykk av at eg da burde kunne finne meg bøker sjølv. Dersom eg hadde vore ein vanleg lånar, hadde eg sannsynlegvis ikkje tatt kontakt med personalet på desse biblioteka i det heile. Om eg hadde gjort det, ville eg avslutta samtala lenge før eg gjorde og funne meg bøker på eiga hand. På begge desse biblioteka vart formidlingssamtalene også avslutta med at eg fann bøker sjølv. Dette var dels fordi eg følte det ubehageleg å opphalde bibliotekarane lengre, og dels fordi eg hadde mist trua på at dei skulle klare å finne passande bøker.
Korleis vart det prata om bøker i formidlingssamtalene? Alle bibliotekarane spurte i starten av samtala om kva bøker eg likte. Dette var eg forberedt på og hadde planlagt svaret. I det heile vart ordet ”likar” mykje brukt i samtalen, både i spørsmål, for å referere til andre som likte bøkene og i eit par tilfeller når bibliotekarane fortalte om sin eigen litterære smak. Ingen spurte utdjupande spørsmål om kva det var eg likte med bøkene. Når eg gjekk gjennom samtalene, fann eg få adjektiv som skildra bøkene. Adjektiva som vart brukte var ”god”, ”lun”, ”bra”, ”velskrive” og ”seriøs”. Som eg var inne på tidlegare, er uttrykk som ”god” og ”bra” relativt inkjeseiande sidan det varierer frå lesar til lesar kva dei meiner med ”ei god bok”. Som Saricks seier, er det likevel lett å gå i denne fella. Dette er innarbeidde uttrykk for mange av oss som kan vera lette å ty til og vanskelege å leggje av seg.
Eit avgjerande punkt i formidlingssamtala, er som nemnt kunnskapen vi sit inne med om produkta vi skal formidle. Det er nok først og fremst dette som skapar angst hos bibliotekarane. Det er pinleg å avsløre manglande kunnskap om produkta vi tilbyr. Sjølv om ein har stor kunnskap om bøker og litteratur, kan det vera vanskeleg å koma opp med gode forslag ut i frå kva bøker lånaren seier at han likar. Sjølv for dei som har lang praksis og har jobba systematisk med litteraturformidling, kan dette by på problem. Dei fleste har vi vel opplevd å bli heilt tome for forslag. Mange føler på tidspresset. Bøkene du har lese i det siste er som regel utlånt fordi du har formidla dei til andre lånarar. Kanskje ligg det ultimate kravet om rett bok til rett lånar til rett tid i bakhovudet hos formidlaren. Dette er faktorar som kan medverke til at formidlingssamtala blir noko vi fryktar og til at vi ikkje greier å formidle den kunnskapen vi verkeleg sit inne med på ein god måte.
Med dette som atterhald, meiner eg likevel at det ut i frå formidlingssamtalene er grunn til å frykte at det har vore for lite fokus ikkje berre på formidlinga, men også på litteraturkunnskapen blant bibliotekarane. I undersøkinga mi er utvalet veldig lite. Biblioteka eg besøkte er relativt små. På små bibliotek er arbeidsoppgåvene meir varierte, noko som går på bekostning av spesialisering. På større bibliotek kan personalet konsentrere seg om liten del av verksemda og spesialisere seg blant anna på formidling. På biblioteka Saricks syner til, har dei t.d. eit eigne team som har ”readers’ advisory service” som spesialfelt. Trass dei formildande omstende som er nemnde, meiner eg at det er grunn til setje spørjeteikn ved kvaliteten på formidlingstenestene som vert levert ved norske folkebibliotek representert ved dei fire biblioteka i undersøkjinga. Det tyder på for dårleg kunnskap om produkta vi formidlar når personalet ikkje ein gong er oppdaterte på bestseljarar som Paasilinna og Knausgård. Det vitnar om eit manglande fokus på formidling når bibliotekarar må ringe kollegaer eller forgjeves leitar i permar for å koma opp med boktips. Enda verre er det at dei ikkje ser lånaren og ikkje tek initiativ til å ta kontakt.

Konklusjon
Bibliotekreform 2014 slår fast at litteraturformidling er ei sentral oppgåve for folkebiblioteka og eit satsingsområde i framtida. Ut i frå det klare mandatet bør satsinga gjera seg merkbart meir synleg på alle nivå i biblioteksektoren. På nasjonalt nivå bør planane som er skisserte i reforma om å utvikle eit eige program for litteraturformidling gripast tak i og gjennomførast. Utviklinga av ein nasjonal nettstad tilsvarande litteratursiden.dk der nasjonale ressursar vert samla og gjort tilgjengeleg for eit samla bibliotek-Norge, bør realiserast. Det bør leggjast stor vekt på formidling i bibliotekarutdanninga, både den munnlege, den digitale og den delen av formidlinga som omfattar utstillingar.
Dei nasjonale føringane bør koma til uttrykk på fylkesnivå og spegle verksemda i fylkesbiblioteka. Fylkesbiblioteka bør opptre som regionale utviklingsaktørar som set formidling på dagsordenen. Dette bør koma klart til uttrykk i fylkeskommunale-, regionale- og kommunale bibliotekplanar. Gjennom å arrangere kurs eller tilby andre former for kompetanseheving, kan fylkesbiblioteka medverke til at kvaliteten på formidlingstenestene rundt om i folkebiblioteka vert heva.
Ei klarare satsing og sterkare vektlegging av formidling på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå, bør til sist koma til syne i verksemda på dei kommunale folkebiblioteka og i siste instans koma bibliotekbrukarane til gode. Ein del av dei større og kanskje nokre av dei mindre folkebiblioteka, har sikkert gode rutiner for dette arbeidet allereie, men som bibliotekbesøka avslørte, gjeld ikkje dette alle. Formidling bør vera ei prioritert oppgåve som det blir sett av tid til i kvardagen. Det bør utarbeidast konkrete tiltaksplanar for formidling i folkebiblioteka. Aktuelle tiltak kan vera å delta på kurs eller studium for å auke kompetansa innan formidling, jobbe bevisst for å skape eit miljø for bokprat i biblioteket, gå aktivt ut og tilby litteraturformidling overfor brukarane, setja fokus på formidlingssamtala med utgangspunkt i appell-elementa hos Saricks, setja av faste tider for personalet til å lesa bokomtaler og halde seg oppdaterte på ny litteratur, aktivt bruke ressursar som Bok i P2 og gode nettbaserte formidlingstenester som t.d. litteratursiden.dk, delta på bokpresentasjonar som presentasjon av årets kulturfondbøker, setja av faste tider til prøvesmaking av produkta våre t.d. ved å lesa korte utdrag frå ein del av dei nye bøkene som biblioteket tek inn.
Med ei tydelegare og meir bevisst satsing på formidling i alle ledd i folkebiblioteksektoren, vil det einskilde bibliotek stå betre rusta til å møte brukarane med den nødvendige kompetansen i formidlingssamtala. Biblioteka vil betre kunne rettleie brukarane i jungelen av litteratur i digital eller trykt form. Med ein bevisst og innarbeidd formidlingpraksis, vil biblioteka kunne leve opp til visjonen om å vera ein stad folk går for å prate om og få forslag til eigna bøker. Den dagen litteraturformidling er ein naturleg del av kvardagen for ein bibliotekar, kan han møte brukarane med ”trygg ydmyk” haldning utan ”fear in her heart”.



Litteraturliste
[Bibliotekloven] Lov om folkebibliotek. Ot.prp. nr. 14 (1985-1986).
Bibliotekreform 2014 (2007). [Oslo]: ABM-utvikling. – Del 1: Strategier og tiltak
Saricks, J. G. (2005). Readers’ advisory service in the public library. Chicago: American library assosiation
Smidt, J. K. (2009). Litteraturformidling og dannelse – eller Stieg Larsson ”for alle penga” Bok og bibliotek, 67/2009, (3), 58-62. http://www.bokogbibliotek.no/index.php?option=com_content&task=view&id=1136&Itemid=28
St.meld. nr 48 (2002 – 2003). Kulturpolitikk fram mot 2014
Tveit, Å. K. (2004). Innganger. Om lesing og litteraturformidling. Bergen: Fagbokforlaget.

Digitale og andre ressurser:
Notat frå forelesingar ved Høgskolen i Oslo våren 2011 i studiet Litteraturformidling



Vedlegg
Ordliste
Tempo/driv
halsbrekkande, fengslande, roleg, fortetta, lett, oppslukande, i ro og mak, fartsfylt, kontrollert, oppjaga, bedageleg, avslappa, raskt, storslagen

Personskildring
detaljert, distansert, dramatisk, eksentrisk, stemningsfull, trofast, fortruleg, intim, fengslande, underfundig, spennande, innadvent, naturtru, fleire synsvinklar, sær, original, realistisk, gjenkjenneleg, seriekarater, levande, stereotyp, einsformig, godt teikna

Type handling/oppbygning
actionprega, personsentrert, kompleks, heimleg, episodisk, tydeleg valdeleg, familiesentrert, kvardagsleg, godlynt, lun, saksorientert, fleire nivå, litterære referanser, mange handlingstrådar, mystisk, mytisk, open slutt, avklarande slutt, handlingssentrert, mange vendingar, overraskande, pikant, vilter, erotisk, provoserande, tragisk

Miljø/stemning/stil
Bittersøt, guffen, mørk, detaljerte miljøskildringar, stemningsfull, eksotisk, på kanten, varm, kald, mange historiske detaljar, humorisktisk, frodig, magisk, melodramatisk, truande, mystisk, marerittaktig, manande, suggererande, nostalgisk, filosofisk, politisk, psykologisk, romantisk, urban, bygdepreg, sensuell, krass, tidlaus, optimistisk, spennande

Stil
streng, nøktern, uformell, klassisk, fargerik, kompleks, konverserande, direkte, dramatisk, elegant, forseggjort, ekstravagant, liketil, usjenert, grasiøs









1 kommentar:

  1. Dette er så trist! Og når ein tenkjer på at hovudvekten av norske folkebibliotek nettopp er så små - innbyggarane i kommunen er heilt avhengige av denne eine eller dei to, tre personane som står bak skranken. Viss dei ikkje då gir god nok service vil biblioteket som institusjon (og ikkje minst lånaren!) li under det. Mitt ynskje: Nasjonal satsing på servis og konkret bokformidling spesielt tilpassa folkebibliotek, t.d. kurs via fylkesbibliotek - i verste fall per nett - no!
    Ein annan viktig faktor er TID - til å lese eit mangfald av litteratur, så ein har eit godt grunnlag. Dessverre er det nok ofte her det buttar. Eg for min del kjenner meg heldig når lånaren tilfeldigvis liker "min" sjanger eller yndlingsboka mi (og den ikkje er utlånt).

    SvarSlett