Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 12. mars 2013

Ein framand i verda

..."Jeg fylte på koppene med kaffe, fortalte ingenting om dette, om min egen historie, men så hvordan det hele tiden viklet seg ut nye tråder, hvordan alle bitene jeg løftet opp var som speil som hele tiden ga et glimt av andre fortellinger, andre historier, som om alt i verden var en åpning til alt annet, og det eneste man egentlig behøvde å gjøre var å gå ut døren, plukke opp den første gjenstanden man fant og begynne og grave, utover og innover."...

Simon Stranger skriv seg rett inn i prosjektet vårt, The Stranger, med boka En fremmed i verden. Og han gjer det nydeleg vakkert! Han opnar sinnet vårt for historia, og skildrar korleis greinene i forteljingane våre grip inn i kvarandre og utfyller historia lik maskene i ein gammal vev. Flott skrivekunst, ein stor roman, og uhyre interessant lesnad!

Ein framand i verda.
Eg er også ein framand i verda. For litt over ein månad sidan representerte eg Lom folkebibliotek for The Stranger i Belfast. Ei bygdekjerring frå fjell-Noreg, som heile livet har vore verna av solid familie og trygge relasjonar. Slik er mi historie lett ballast. I Nord-Irland møtte eg fleire framande, alle med si historie prega av omgjevnadene, familie, gen og ei dose slump. Vi utveksla historier, fann sjelefrendar og møtte eit fleirkulturelt samfunn på godt og vondt -fekk historia til nasjonen servert tett på gjennom solid guida busstur i det konfliktherja området. Tusen takk, Belfast -Katy og Neil- for vekkjinga, for at de lot oss framande få ta del i ein kvardag så ulik vår, men på andre måtar så veldig lik...

Vi besøkte varmhjarta Belfast Friendship Club, der alle som ønskjer det kan kome til ein uforpliktande te-eller kaffikopp ein kveld i veka og møte andre framande frå ei mengd ulike nasjonar for å knyte venskap og utveksle historier. Her var eit yrande liv, decibel på topp, ingen agenda, mykje latter og alle tenkjelege hudfargar, frisyrer og aksentar. Og framfor alt -inga nedlatande haldning til framande!

Of course...
Vi gjekk på bar, drakk Guinness, trakka takta til sekkepiper. Vi vandra i gatene, såg "murals" i hundretal, undra oss over piggtrådkveilane høgt oppe på gjerdene, stokk av pansra poilitibilar og dvelte ved nakne flaggstenger som vitna om utrøyttelege kampar. Og framfor alt: vi miste pusten av dei uendelege, høge murane som skjer den gamle, vakre byen tvers over og stengjer protestantar og katolikkar frå kvarandre kvar ettermiddag med digre portar. Eit syn som lokka fram ei indre takkebøn hos barnebibliotekaren over at hennar eige frø for nokre tiår sidan vart sådd i Noreg...






Høge murar med påbygg etter påbygg mot himmelen...



Mange historier vart vekte til liv for oss i Belfast. No er det vi som skal lokke fram historier i heimlandet. Eit prosjekt som rører ved pumpa midt i bringa -gong på gong. Eit prosjekt vi meir enn gjerne deler vidare med trufaste lesarar på weben.
Piggtråd stikk inn i sjela...
Cake-pops på St Georges Market
Cupcakes on Valentines Day

Ei av mange, mange "murals"

 
 
Historiesamlande bloggar: Merete




 

1 kommentar: