To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 19. mars 2013

Brutalt vakkert

Endeleg tør eg skrive om den! Takka vera alle dykk ungjenter som nok ein gong har stilt velviljuge opp som prøvelesarar for kjerringa som heng litt att i den mentale mogninga. Eg var aldri i tvil om kva eg tykte, kva eg kjende, kva eg tenkte då eg las, men hendinga var berre så reint for utruleg. Ikkje fantasi, ikkje retteleg fiksjon, men rett og slett ei nydeleg kjærleikshistorie som midt i handlinga tek ei svært uventa vending. Og jenter; de er alle einige med meg!

Ellen Fjestad har ein særs allsidig bakgrunn, og har prestert eit heilt lite kunstverk med debuten Sammen skal vi holde himmelen, som ho også vann Schibsted Forlags manuskonkurranse for barn og ungdom med. Realisme krydra med magi, skrive med eit sjeldant lettlese og godt driv, verka som sprudlevatn på sjela mi. Boka gjekk unna på ein kveld, men nydelege, poetiske allegoriar måtte leitast fram att, lesast, nytast -om att og om att.

Luka er miljøaktivist og gatekunstnar med kolsvart hår. Trommisen Gard har augo som gnistrar blått, men går også med eit krøllete, slitt brev i brystlomma. Ei regntung natt kjører Gard ned Luka i ei motorsykkelulykke, og ei hjerterå kjærleikshistorie er i emning. Det er rått, brutalt, og ulideleg vakkert på same tid.

"Hvis hun kvesset alle fingrene sine så de ble som spisse tusjer, kunne hun male det hun hadde inne i seg da? Male alt det som sitter så langt inne at hun selv ikke engang vet hvor det begynner. Et skrik som vil ut, men som ikke har noen stemme. Ikke har noen ord, ikke har noen farge, bortsett fra svart-svart-svart"

Omslaget på boka står også utruleg godt til innhaldet -ei framside med ein tittel som talar direkte til mangt eit ungdomshjarta (les: kjerringbringe). Korleis Fjestad vil følgje opp denne første boka med den neste i trilogien, er meg ei gåte -noko alle ungdomane som har lese boka her i Lom er einige i. Men ein ting er sikkert: Lom ventar sitrande på neste kunstverk frå denne nyutsprungne forfattaren! Og sjølv er eg sjeleglad for at unge lånarar styrkjer sjølvtilliten min i vaksen alder!

"De ser opp på den lyse sommernatthimmelen.
-Kjenner du det? spør han.
-Hva da?
-Det er vi som holder den oppe.
-Holder den oppe?
-Himmelen.
Luka lytter. Gard pleier ikke snakke slik.
-Sammen med deg føler jeg meg så sterk. Vi kan klare hva som helst. Hva som helst i hele verden. Han hører brevet knitre i brystlomma når han snur seg mot henne.
     Hvisker inn i øret hennes.
-Sammen skal vi holde himmelen, sier han"

Bloggar ung i sinn: Merete

2 kommentarer:

  1. Så vakkert!

    Ønsker en fortsatt fin kveld.

    SvarSlett
  2. Så fint at du ser det vakre som jentene og meg, Torunn! Og for eit nydeleg smykke du har designa! Symbolikk, utforming, linjer, materiale -ein vemodig vakker heilskap, eit smykke som burde vore gjort kjent for mange, mange! Lykke til med salet!

    Merete

    SvarSlett