Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 8. januar 2013

Boka kjem -noko for Oslo?



Ei bevrande skjelving rislar forsiktig i broka allereie no. Vi har bestemt oss. Som eitt av tre nominerte bibliotek kan vi ikkje la prisutdelinga Årets bibliotek 2012 gå sin gang utan at vi fèr innover og får med oss den gilde hendinga. Norsk Bibliotekforening opnar også jubileumsåret og si 100-års feiring under den same seremonien, noko vi gjerne vil vera med på! Ut-av-kroppen kjensla vi opplevde ved å bli nominert har smått om senn krakt seg innunder huda att, krafsar og kitlar borti utdragna nervetrådar som skumpar hjartepumpa i ulage. Surrealistisk, uverkeleg og frykteleg, frykteleg artig! Ikkje så reint lite skummelt, er det -slik fint selskap er vi messom ikkje van med. Mest som Rui-jentene som besøkte Kongen, kjenner vi oss; to bitte, bitte små blant dei mange store... Kan vi drikke kaffien av skåla i byen?

...på humpete, avsidesliggjande stigar...
Men er vi no først i hovudstaden, lyt vi sjå til å gjera det beste ut av det. I heimbygda har vi lang røynsle med ordninga Boka kjem. I Lom har vi drege denne skikken utover det vanlege, og boktralla har vore med på samfunnshus, festlokale og humpete, avsidesliggjande stigar. Boka skal fram, uansett. Og har ikkje grisgrendingane oppdaga Boka, syrgjer velkledde bibliotekarar for formidlinga på si tralleferd. Eitt og anna diktet blir høgtideleg deklamert, ei og anna tåre blir felt, og bygdefolket kan ikkje unngå å bli rørt av litteraturen. Sidan tek dei sjølve vegen ned til gammelprestgarden, der litterær rikdom kakkar det mest garva bygdedyret i skallen. Orda, setningane og bøkene er til for Folket, og dei gjer ikkje forskjel på nokon.

Sjekke-konduktør-triks...
Dersom vi set det mest uskuldige blikket vårt i konduktøren, satsar vi på at boktralla blir medpassasjer på toget grytidleg torsdag morgon. Forkle og tørkle er allereie glatta med det varme jarnet, og hakebusta skal nappast bak stengde bibliotekdører i morgon. God, gammal hjulgang reknar vi også med taklar brustein vel så godt som bortgøymde kutrakk. Boka kjem lyt då vere noko -også for Oslo..?

Vi ønskjer Bok- og kulturbussen i Sør-Troms og Realfagsbiblioteket UiO inderleg lykke til torsdag!

Skjelvande bloggar: Merete

10 kommentarer:

  1. Kryssar fingrane for dykk, lukke til:)

    SvarSlett
  2. Så kosleg, Synne! Vi skjønar ikkje heilt korleis vi har hamna i dette selskapet, men artig er det no lell! Godt år til deg!

    Merete

    SvarSlett
  3. Og jeg skulle så inderlig vært der! Satser på at tankens kraft virker like godt som fjernhjelp :-)

    SvarSlett
  4. Gratulerer!

    Ps: fikk dere med tralla på toget?

    SvarSlett
  5. Masse gratulasjoner til dere. Veldig fortjent! Et forbilde for mange andre bibliotek i Norge :-D

    SvarSlett
  6. Gratulerer med prisen! Som alt annet er det avhengig av kvaliteten på de ansatte. Dere er følgelig av høy kvalitet!

    SvarSlett
  7. Gratulerer med prisen. Veldig fortjent!!!! Hilsen Kjersti

    SvarSlett
  8. Gratulerer!!! Veit du det,Merete,at historia om Rudijentene var likaste boka bestemor di visste om. Skjøna ikkje kor "vid" ho ha vorte om hadde sett døkk nå!

    SvarSlett
  9. Vi er beint fram i himmelen, audmjuke og takksame, trøytte og lykkelege! Prisen deler vi med kvar og ein av dykk, og boktralla skal nok snart på trilletur -om ho ikkje fekk plass på toget denne gongen...
    M

    SvarSlett