Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 13. november 2012

JA!

"Har du fleire Phenomena-bøk? E las ut den fysste på to dågå, e berre MÅ lesa vidare!" 5.klassingen kjem stormande inn frå halvskymminga ute, oppglødd og ivrig etter ein heil dag med venting ved pulten. Lite svevn etter to døgn i ei fantastisk verd der alvar og isbjørnar lever side om side, og onde krefter kjempar ein krass kamp mot det gode i verda. Men jenta er langt frå sliten -nye eventyr med alveborna Alv og Ilke ventar mellom veltumma permar, og bibliotekaren kan ikkje finne bøkene fort nok. "Yess!! Æ de SJAU bøk?! Ypperle!"

Ei lang, fortruleg samtale utspinn seg mellom ein overivrig 10-åring, veslebroren hennar og ein ekstremt lykkeleg bibliotekar. Alle tre sitjande på kne framfor fantasyhylla, bortreist i lange utgreiingar om firfirslar som kravlar under huda, den onde Tarkan som legg hinder i vegen for alveborna, den snille vinterbjørnen Arol og trollmannen Sha-ra som hjelper Alk og Ilke i oppfylling av profetien. Andre lånarar glåmer skakt bortpå kjerringa som flyt utover golvet attmed skulelevane -kan ho ikkje ta diskusjonen om overnaturlege vesen i litt meire danna former..?

Nei, det kan ho ikkje! Born som nyleg har oppdaga at dei sjølve kan opne dørene inn til nye, himmelløftande eventyr via skrivne ord, fortener all den oppmuntrande merksemda dei kan få! Ikkje noko kan måle seg med den gode samtala eit barn og ein vaksen kan ha om ei verkeleg god, engasjerande bok -uansett sjanger. To som lever seg inn i den same verda, fortapte i bøkene og oppildna av kvarandre. Denne veka har nok ein elev for alvor oppdaga fantasyhylla på Lom folkebibliotek, og det er ingen tvil om at ho har mange neglebitande stunder framfor seg med augo dansande ivrig over boksidene. YES!

Bloggar: Merete

4 kommentarer:

  1. Så herlig da. :) Jeg er lærer med ansvar for skolebiblioteket. Sånne gullstunder lever jeg lenge på.

    SvarSlett
  2. Ja, det er jo dette vi arbeider mot kvar dag :-) Flott å høyre om lærarar som prisar vervet sitt som ansvarleg for skulebiblioteket -dette er dessverre eit nedprioritert område på mange norske skular... Lykke til med vidare insprirering av framtidige lesehestar, Trine -du gjer ein viktig innsats!

    SvarSlett
  3. Å, dette fekk eg skikkeleg klump i halsen av å lese! Eg hugsar den kjensla...

    SvarSlett
  4. Så fint å høyre, Kirsti! Og ja, denne kjensla er det viktig at vi held fast ved og fører vidare! Dette er noko av det eg brenn mest for i jobben min, og kvar gong vi lykkast blir eg berre så utruleg glad!

    SvarSlett