Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 11. september 2012

Merete blir knallhard!

Eg har kjent på dette nokre dagar no. Det ligg oppå akslene og trykkjer meg ned i golvet. Ikkje nett hardt, men nok til at eg må tenkje på det. Rett ofte også. Er ikkje van med å ha det slik, så det plagar meg litt. Likar best å setje oppstopparen hakket høgare enn han eigentleg står, flyte bortetter bakken i sjølvsikkert driv. Veit kva eg kan, kvar eg vil. Ved pulten min på bakrommet heng biletet som seier det betre enn ord -kjensla eg til tider også fånyttes freistar å prakke på den bittevesle sjefen min (merk den bortimot usynlege s-en...):

 
 
Det er dette med språket. Eg hadde ikkje tenkt at deltaking i eit interessant prosjekt nødvendigvis innebar at eg måtte ruske fram att engelskkunnskapane mine. Eller rettare: engelskkunnskapen min. Den er så puslete liten for tida, at den med fordel kan omtalast i eintal. Det hjelp ikkje kor stor løvinna eg ser i spegelen er -når munnen opnar seg, kjem det berre ut nokre stakkato fåstavingsord i usamanhangande rekkjelfølgje. Sist eg las ei rein engelsk tekst, må vel vera då eg grov meg innpå det snart 30 år gamle kjærleiksbrevet frå den tyske korguten Michael inst inne i kleskapet for ei ri attende. Det strekk messom ikkje til i fagmiljø, trur eg.
 
 
 
 
Likevel. Då eg i dag preseneterte boka Jenny blir knallhard av Marita Liabø for fjerdeklassingane, kjende eg at styrken voks i takt med bokpraten. Når vesle Jenny turde møte si eiga frykt, må vel vesle bibliotekaren tørja å møte sin eigen toskeskap! Tusen takk, Marita og Jenny, for denne naudsynte vekkjaren, som kom dagen før språkløysa hoppar på toget til nye utfordringar!
 
 
 
 
"If you think you are out classed, you are.
You've got to think high to rise.
You've got to be sure of your-self before
You can ever win the prize.

 
Life's battles don't always go
To the stronger or faster man.
But sooner or later, the man who wins
Is the man who thinks he can."
 
 -C. W. Longenecker
 
 
Bloggar: oppstoppar-Merete
 

3 kommentarer:

  1. Det går nok bra skal du se, det gjer som oftast det!

    SvarSlett
  2. DEt går så bra så! Lykke til:-)

    SvarSlett
  3. Takk for gode lykkeønskingar! No er trua god, og eg gler meg over det vi får vere med på :-)

    SvarSlett